– Det er viktig med ein skule i bygda. Skal vi få utflytta ungdomar og unge vaksne tilbake er det viktig at vi kan tilby tomter, barnehage og skule, seier Solibakke.

– Det finst gode alternativ i Kjølsdalen og på Stårheim. Det er betre enn det dei kan tilby oss i ytre, seier Husevåg.

Solibakke peikar på at ungane og deira beste må stå i sentrum i den vidare prosessen.

– Det er viktig at det ikkje blir eit politisk spel, slår han fast.

Solibakke var ein av mellom 30 og 40 personar som møtte fram på eit ope møte i regi av Bryggja utviklingslag.

Tema for møte var vegen vidare for Bryggja etter at Fylkesmannen har rådd til ei grensejustering der bygda blir del av Stad kommune frå 1. januar 2020.

– Eg er jo fødd og oppvaksen her, så det var eit lett val. Eg tenkjer at vi må bli flinkare på profilering av bygda, og vise at det skjer ting her. Vi må ha meir optimisme og framtidstru, samanfattar han.

Du kan lese meir om saka om grensejustering i Fjordenes Tidende tysdag.