– Det er viktig at Eid, Selje og Vågsøy set seg ned og ser på korleis ein kan få til gode løysingar for folk på Bryggja. Som politikarar har vi eit ansvar for at befolkninga ikkje blir kasteballar i ein mellomperiode, seier Bjørlo.

– Formelt sett er det ingen tvil om at Vågsøy kommune er skuleeigar. Men eg håpar likevel vi kan finne løysingar. Det oppfattar eg at Vågsøy også vil.

Senterpartiet sin gruppeleiar Sigurd Reksnes i Eid meiner ei nedlegging av Bryggja skule frå hausten 2018 er heilt feil.

– I inntektssystemet er det pengar som følger elevane i grunnskulen. Viss ikkje Vågsøy kommune vil vidareføre drifta, kan ei løysing vere at Eid kommune står for drifta fram til 2020 ved hjelp av desse pengane.

– Vi må ha ein plan på å gje dei eit godt tilbod, seier Reksnes.