Opplæringstilbodet blir lyst ut som i tilrådinga frå fylkesdirektøren, men utvalet vedtok i tillegg å lyse ut vg1 medium og kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

Utlyst opplæringstilbod for skuleåret 2018–19 ser slik ut på dei ulike skulane.

Samarbeid i Nordfjord

Hovudutvalet ønskjer også å styrke samarbeidet mellom skulane i fylket og viser til innspel frå både næringsliv, fagopplæringsnemnda og skulane sjølve.

Alt neste skuleår vil hovudutvalet at elevar ved teknikk og industriell produksjon ved Eid vidaregåande skule skal få høve til å nytte faget yrkesfagleg fordjuping til utplassering hjå bedrifter i Stryn. Dette føreset at næringslivet i Stryn legg til rette for slik utplassering.

Vil styrke samarbeidet meir frå 2019–2020

Hovudutvalet vil vidare utgreie moglegheita for at ein større del av opplæringa kan skje fordelt på fleire stadar, for å møte lokale behov for kompetanse. Det skal særleg vurderast i kva grad delar av opplæringa kan finne stad nær bedriftene, samstundes som elevane blir tekne i vare.

Hovudutvalet ønskjer at utgreiinga skal legge til rette for eit forsøk med slike fleksible opplæringstilbod frå skuleåret 2019–2020. Utvalet ønskjer at fylkesrådmannen særleg vurderer moglegheitene for samarbeid om:

  • Teknikk- og industriellproduksjon ved Eid vidaregåande skule i samarbeid med Stryn vidaregåande skule.

  • Helse- og oppvekstfag ved Mo og Øyrane vidaregåande skule i samarbeid med Høyanger vidaregåande skule.

  • Bygg- og anleggsteknikk ved Mo og Øyrane vidaregåande skule i samarbeid med Dale vidaregåande skule.

Hovudutvalet ber også om å få ei utgreiing om det er mogleg å etablere eit utdanningstilbod innan overflateteknikk vg2 (reinhaldsoperatør) i Sogn og Fjordane. Per i dag finst ikkje dette tilbodet i verken Sogn og Fjordane, Hordaland eller Møre og Romsdal.