– Delt kommunesenter kom inn i intensjonsavtala gjennom diskusjonar som eg hadde med representantar frå forhandlingsutvalet i Flora. Der var diskusjonane heilt klare på at det skulle vere ei fordeling som definerte ulike funksjonar i Måløy og Florø. Det var ein av dei tinga som gjorde at intensjonsavtalen sikra ei god fordeling for framtida, sa Morten Hagen (H) i møtet i fellesnemnda tysdag, og fortsette:

Vågsøy-politikarane Hagen, Kristin Maurstad (Ap), Edvard Iversen (V) og Nils Myklebust (Sp) utgjorde, saman med florøværing Jacob Nødseth (Samlingslista), fleirtalet i nemnda som gjekk for at: «Administrasjonen skal kome med framlegg til fellesnemnda om korleis ein kan fordele funksjonar i sentralforvaltninga (kommunalsjefar, fellesfunksjonar m.v.) mellom Florø og Måløy, jf. mellom anna kapittel 4 i intensjonsavtalen.».

Dette betyr at rådmannen skal kome tilbake til nemnda med eit framlegg til korleis ein kan fordele funksjonar mellom Måløy og Florø i Kinn.

Peika på store avstandar

Ordførar Ola Teigen (Ap) i Flora var blant dei som ville legge mindre føringar på rådmannen sitt arbeid.

Vidare peika ordføraren i Flora på at det er for store avstandar mellom Måløy og Flora til at folk skal pendle.

– Delt kommunesenter der folk sjølv kan velje kvar dei vil jobbe er den beste løysinga. Men eg ser at nokre tenker at det vil vere utløysande for at alle leiarfunksjonar vil vere i Florø, men dei kunne like gjerne hamna i Måløy. Det er den best kvalifiserte søkjaren som skal ha stilling. (...). Eg tenker at vi må vere veldig forsiktige med å gi ein for sterk instruks til rådmannen om at vi forventar ei klar funksjonsdeling. Eg trur rett og slett avstandane mellom Måløy og Florø er for store. Det er umogleg å pendle til eit kontor.

– Må prøve å bli einige i nemnda

Saka om delt kommunesenter har vore handsama i nemnda tidlegare, men vart tatt vidare til kommunestyret i Vågsøy og bystyret i Flora for uttale. Dette vart gjort som følge av at eit mindretal beståande av Vågsøy-politikarane Nils Myklebust (Sp), Rolf Domstein (H) og florøværingen Jacob Nødseth (Samlingslista) kravde det.

– Det kan vere behageleg å sende sakene tilbake til kommunestyra, men i lengda er eg redd det blir ganske ubehageleg og at det blir vanskeleg for oss å jobbe i fellesnemnda om vi ikkje evnar å ta avgjerdene her, sa Flora-ordføraren.

Han fekk støtte av Hanne Husebø Kristensen (H).

– Eg er opptatt av at vi skal bli flinkare til å halde arbeidet i fellesnemnda i fellesnemnda. Det kan vere bra å be kommunestyra om ei uttale, men ikkje om det skal vere ei hindring for godt arbeid i nemnda.