– Eg var vel den første som fekk jobb gjennom prosjektet. Aslak Rune Lefdal er kontakten min, og det har vore heilt supert. Eg var med og bygde leilegheitskomplekset i Sagaparken Panorama heilt frå starten. For tida er vi permittert, og då hjelpte Aslak Rune meg med midlertidig jobb hjå Nor Marine der eg er med og heisar båtar i vinteropplag, fortel Gjerde. Han har nemleg ulike kranførarsertifikat frå tidlegare jobbar.

– Det var ei stor oppleving. Det er viktig at ho viser at ho bryr seg. Ho ville høyre om bakgrunnen min og erfaringane med prosjektet, seier han.

Trond Aarre, leiar ved Nordfjord psykiatrisenter, orienterte statsminister Erna Solberg om aktiviteten ved senteret då ho vitja Eid nyleg.

Frank er ærleg på at han enda som rusmisbrukar då han flytta til Bergen i 1999.

– Eg kom meg ut av det 21. desember 2010. Då var eg så lei av misbruk at eg la meg inn. Eg vil seie at eg vart redda av ei fem månader lang fengselsstraff.

Kom til senteret

I mars 2011 flytta Frank tilbake til Måløy der han fekk jobb på verft.

– Det gjekk bra lenge, men eg jobba for mykje og vart utbrent. I februar 2016 fekk eg plass på psykiatrisenteret og eg fekk ny jobb i juni same år, fortel han.

– Det vart meir fokus enn eg hadde trudd. Saka vart mykje delt på Facebook og eg fekk mange reaksjonar. Men alt er positivt, så eg angrar ikkje på det.

Halvparten i jobb

Jobbstøtteprosjektet ved Nordfjord psykiatrisenter som har pågått halvanna år, har lukkast med å få ein av to tilbake i jobb.

– Folk her på psykiatrisenteret er alle typer folk. Mange har jobb å gå tilbake til. Men nokon har av ulike grunnar falle utanfor arbeidslivet. Det er denne gruppa vi jobbar for å hjelpe tilbake i jobb, seier jobbspesialistane Ingrid Hjelle og Aslak Rune Lefdal.

Hjelle er tilsett på psykiatrisenteret, Lefdal i NAV. Prosjektet «Jobbstøtte i Nordfjord» er finansiert av helsedirektoratet og er eit samarbeid mellom NAV-kontor i seks Nordfjord-kommunar og Helse Førde.

Å få folk utanfor arbeidslivet tilbake i jobb er eit stort satsingsprosjekt frå myndigheitene si side. Løyvingane til arbeid med individuell jobbstøtte er auka frå 100 til 200 millionar kroner på statsbudsjettet for 2018.

Jobb i behandling

– Poenget med jobbstøtte er å integrere behandling i jobb. Vi ser at det å vere i jobb har ein stor positiv verknad. Det å ha noko å gå til, det å meistre, gjere meiningsfullt arbeid, få løn og vere i eit arbeidsmiljø med kollegaer er bra. Og dei vi har fått inn i arbeid, følgjer vi opp undervegs slik at dei kan behalde jobben, fortel Hjelle.

– Det er ikkje slik at folk blir behandla og erklært friske, så prøver vi å få dei i jobb. Vi byrjar snakke om jobb i samband med behandling. Det gjev også eit håp om at der er eit anna liv ein stad der framme.

Begge har ei gruppe med 20 personar som dei jobbar med til ei kvar tid. Om lag 50 prosent er komne i løna arbeid.

– Vi har 39 jobbstartar så langt, men nokon har starta i fleire jobbar, forklarer Lefdal.