Ørnulf Lillestøl går over i ny jobb som fakultetsdirektør på Psykologisk fakultet ved Universitetet i Bergen, ifølgje ei pressemelding.

– I samband med kommunesamanslåinga med Eid så har det lenge vore kjent at rådmannen i Eid vert prosjektleiar og den framtidige rådmannen i den nye Stad kommune. Derfor var det naturleg at rådmannen vår no såg seg etter ein ny jobb, heiter det i meldinga.

– Lillestøl starta som rådmann i Selje i 2015, og har i sitt virke som rådmann gjort mange naudsynte og gode grep for å gjere kommuneorganisasjonen betre i stand til å møte morgondagens utfordringar. Gjennom god styring har Selje kommune i dag ein god, men stram økonomi som er ei føresetnad for å møte dei utfordringar som ein kommune vil møte.

Selje kommune vil no starte leitinga etter hans etterfylgjar.

– Det vil vere naturleg sjå det totale behovet for leiingskompetanse i Selje saman med Eid. Eg vil ynskje han lykke til i ny jobb og takkar for den innsats som han har lagt ned i kommuneorganisasjonen i over tre år, skriv ordførar Stein Robert Osdal (KrF) i pressemeldinga.