Det er NRK som melder saka onsdag.

– På fredag reiser eg til departementet for å snakka med kommunalminister Jan Tore Sanner (H) for å legga fram Vågsøy sitt syn i saka om grensejustering for Bryggja, seier Kristin Maurstad (Ap), ordførar i Vågsøy, som sjølv brr på Bryggja.

Det var i januar at Bryggja søkte Fylkesmannen om å få melde flytting frå Vågsøy kommune til Eid, som igjen skal bli ein del av Stad kommune frå 2020

Fredag tilrådde fylkesmannen i Sogn og Fjordane at bygda fekk bytte kommune med bakgrunn i at det ville gi god geografisk sammenheng for nye Stad kommune, og at det var i samsvar med folkeviljen på Bryggja.

No ligg avgjerda om grensejustering hjå Kommunaldepartementet, og Maurstad håpar å at dei skal seie nei til flytting.

– Eg har bedt om møte for å få legge fram kva som er Vågsøy sitt vedtak og kvifor vi har gjort det. Vi ønsker å behalde Bryggja, seier Maurstad til NRK.

Ho legg til.

– Vi meiner at ei eventuell grensejustering må handle om tenestene til innbyggjarane og dei meiner vi er godt varetatt i Vågsøy og det som etter kvart vert Kinn kommune, seier ho.

– Er det gode tenestetilbod å legga ned skulen på Bryggja?

– Eit godt tenestetilbod handlar om mykje. Vi må gje eit godt tilbod til alle sektorar i Vågsøy kommune og det er bakgrunnen for at vi må kutte i skulen. Det er ikkje ein ønska situasjon, men vi må forholda oss til slik situasjonen er for kommunen, seier Maurstad.

Møtet med Sanner i Oslo skjer, ifølge NRK, fredag denne veka og Flora-ordførar Ola Teigen (Ap) vert også med.