Det er avisa Firda som melder saka.

Berre Aps Helen Hjertaas og Harald Bjarte Reite gjekk for Terøy-løysinga, då samferdslepolitikarane hadde saka oppe. Sp sine tre representantar rista på hovudet og sa nei, skriv Firda. Det same gjorde dei tre høgrepolitikarane, utvalsleiar Noralv Distad og Ole Gunnar Krakhellen og Tore Fossen, som møtte som vararepresentantar for høvesvis Bjørn Hollevik og Venstres Gunhild Berge Stang. Også Stein Malkenes (MDG), med postadresse Florø, vende tommelen ned – og han sa ikkje berre nei til Terøy-traseen, men til heile Kystvegen.

– Utset heile Kystvegprosjektet. Det er ein urealistisk ønskedraum. Kostnaden er på ti milliardar kroner. Eg har ikkje sett eitt einaste realistisk reknestykke på korleis prosjektet skal realiserast. Denne gigantvegen er eit luftslott, sa Malkenes, ifølge Firda.

Samferdsleutvalet si Grov-tilråding går no til fylkesutvalet, og deretter går heile regional transportplan til fylkestinget, som gjer endeleg vedtak tidleg i desember.