– Det skal brukast 2,5 milliardar på samferdsel i Sogn og Fjordane og her ligg det mange gode prosjekt i Eid, Selje, Vågsøy og Bremanger, seier Senterpartipolitikaren.

Utvala behandla RTP tysdag og onsdag før saka går til Fylkestinget, og Reksnes fortel at fylkeskommunen mellom anna tek over ferjesambandet Barmen-Barmsund med ny elektrisk ferje. Dei tek også over ferjekaiene og vegen ned til ferjeleiet på Barmsund.

– Dette ligg inne med 13 millionar i 2018, seier Reksnes.

Ny ferjekai på fylkesveg 624 Husevågøy ligg også inne i investeringsprogrammet med 18 millionar, fordelt på to år – 2019 og 2020. Ny tunnel gjennom fv. 633 Kleiva på Stad ligg inne med 90,5 millionar fordelt på 2018 og 2019 medan ny bru på fv. 577 Øvrebotn ligg inne med 10 millionar i 2018.

I tillegg ligg det eit stort prosjekt med ny gang- og sykkelveg på fv. 614 Breivika – Svelgen, inne med oppstart i 2018 og ei investering på 40 millionar.

Noko av Reksnes er mest nøgd med er at fv. 620 Kjøde-Sandvik i Selje kommune blei prioritert på ein tredjeplass på marginallista med 40 millionar.

– Dette gjer et ein no kan jobbe målretta og få dette prosjektet realisert. Denne strekninga har også vore spelt inn frå næringslivet på Stad i fleire omganger, seier Reksnes.

Ny snuplass på Raudeberg på fv. 622 ligg på sjette plass på same marginallista.

– Og i Eid er vegen til Navelsaker flytta opp på tredjeplass på marginalllista for rassikring etter å ha vore langt nede, seier Reksnes, som også fortel at fv. 622 Nordfjordeid-Torheim er flytta opp på åttande plass.

I voteringa om Kystvegtraseen stemte Senterpartiet for Grov-alternativet på strekninga vidare sørover frå Svelgen, opplyser Reksnes.

Fleire har uttrykt bekymring etter møtet om det faktum at Samferdsleutvalet i fylket opna for rask oppstart på utbetring av vegen Dale-Bringeland-Førde (Fv 57) , og om dette i praksis skubbar Svelgen-Indrehus, som er ein del av Kystvegen, ned frå førsteplassen på marginallista.

Sigurd Reksnes meiner det ikkje gjer det.

Grunnen til at vi ville sjå meir på dette er at ein kan få til strekningsvis utbetring og ta små parsellar, og at Fjaler og har gått inn for bompengar. Men Svelgen-Indrehus ligg framleis på topp, ingenting er endra der, seier han.