Dette innlegget er skrive av Stine Kråkenes Øvrelid, vararepresentant kommunestyregruppa Vågsøy Arbeidarparti.

Engasjement og rekruttering av politikarar i lokalpolitikken

Eg er arbeidarpartipolitikar, og eg er stolt av det!

Påstandar, faktaopplysningar, og personlege karakteristikkar i det politiske miljø florerer. Som vågsøyværing, småbarnsmor, sjukepleiar og lokalpolitikar har eg mange roller, på lik linje med mange andre. Eg håpar inderleg at folk klarer å sjå dei ulike rollene vi alle har. Facebook er nærast blitt ein henrettingsvegg, og eg skjemst av vaksne folk. Vi lærer nettvett til ungdomen vår, men eg trur forsyne meg ungdommen snart kan lære vaksne nettvett. Som privatperson kan eg ytre meg på Facebook, men når eg er politikar vel eg å avstå frå ytringar og påverknad der, men no vart verkeleg tida inne for eit avisinnlegg.

Media har stor påverknadskraft med nyheiter og informasjon til folket. Og ja, begge sider skal fram, både på godt og vondt. Eg vil påstå at media har eit ansvar i sosiale medium for faktisk å stenge kommentarfelt, og dei burde faktisk etter kvart skjerma enkelte personar for usaklege, neglisjerande og direkte vondskapsfulle kommentarar av privatpersonar.

Eg er medlem i Vågsøy arbeidarparti og vara til kommunestyret. I år som i fjor og som alle dei siste åra er det skulekampen og striden om strukturen som går igjen. Kva med helse og omsorg, kva med teknisk, arealplanen og liknande? Nok ein gong er det budsjett vedtakast, økonomimeldinga er gjennomgått og realitetane må vi ta innover oss. 18 mill. i underskot i 2019 dersom vi ikkje tek grep (Jf. presentert økonomimelding frå økonomisjef). For meg er det viktig å sjå heilskapleg på politikken. Eg skal vere med å vedta eit budsjett for heile kommunen og alle einingane, ikkje berre eit skulebudsjett. Planprogrammet til Ap seier noko om at vi jobbar med skulestruktur. Når ein ved sist kommunestyre skulle vedta 5, 3 eller 1 skule, vart det som alle er kjent med vedtak med 3 skular, og utgreiing av 1 storskule. Med opplysningar frå økonomisjef og informasjon i kommunedelplanen hadde vi dessverre ikkje noko val. Eg kan ikkje vere med på å vedta å halde oppe 5 skular. Då hadde eg sjølv vore ansvarleg for å finne 7 mill. i budsjettframlegget neste kommunestyremøte. Kvar skal vi finne desse når vi samtidig ser behov for utbygging av Kulatoppen. Stanse prosjektet der? I ettertid kjem det påstandar om at vi i kommunestyregruppa til Ap endrar på vedtak etter medlemsmøte. Medlemsmøtet søndag kveld før kommunestyremøtet vart vedtaket vårt å legge ned 2 skular, halde oppe 3, og utgreiing om 1 storskule. Dei som då går i media og påstår noko anna i ettertid, lurer eg på om var på same møte som meg. Avstemminga var 5 for, 1 imot.

Den mykje omtalte samarbeidsavtalen som blei broten i fjor skapar negativitet, splid og øydeleggingar for samarbeid og gode politiske prosessar. Mange kan seie mykje om avtalebrotet. Eit samarbeid krev tillit, felles mål, respekt, dialog og kommunikasjon. Samarbeidsavtalen og arbeidet rundt den i dei politiske parti og blant politikarar kan diskuterast, mykje utveksling av kommunikasjon toler dessverre ikkje dagens lys. Vi får til stadigheit høyre at vi fekk ordførarkandidaten. Ja, det gjorde vi, men kva med fordelinga av andre roller? Desse høyrer vi ikkje mykje om. Samarbeid og dets faktorar krevst frå begge partar, og at samarbeidet gjekk mot eit brot i fjor må ein legge bak seg. Vi må jobbe saman og framover, vise respekt for kvarandre og det arbeidet som politikarar legg ned.

Som medlem i eit parti er tanken min å kunne skaffe meg meir kunnskap, engasjere meg og ta eit samfunnsansvar. Eg er vågsøyværing, har etablert meg her, og ønsker at barna mine skal ha ein like god oppvekst som meg sjølv. Eg ønsker gode helsetilbod, både helsestasjon, barsel, psykiatri og rus o.l. Eg ønsker faktisk å bli gammal her, eg ønsker gode tenester innan velferd, pleie, rehabilitering og omsorg. Eg torer faktisk påstå at Vågsøy kommune er på god veg i denne retninga. Vi har eit rådmannsteam som tenker framover, og vi har ei samhandlingsreform som kommunen pliktar å levere tenester etter med – dei utfordringar det gjev oss. Vi har ei planlegging av utbygging på Kulatoppen, vi har eit nystarta team innan psykiatri og rus som gjev ein flott innsats i livskvalitet og helsetilbodet til tenestemottakarane. Vi kan takke politikarane og ikkje minst rådmannen og rådmannsteamet for å gjennomføre og realisere vedtak som vert tekne i kommunestyre. Framsnakk det vi har og det vi får til, sjå på kva vi har og kva vi kan få til! Sjå på næringslivet rundt oss kva dei klarar å skape av arbeidsplassar. Sjå på samarbeidet i Måløy Maritime Group, sjå på LocalHost, Lefdal Gruve og mykje meir. Her snakkar vi samarbeid og framsynt arbeid, overfor omverda viser det løysningar og nyskaping!

Min far lærte meg alltid at dersom du ikkje har noko positivt å seie om nokon, så haldt kjeft. Kanskje det er naivt, men i mitt kortlevde liv vel eg å leve i denne trua, og eg ønsker faktisk å lære det vidare til mine barn. Med samarbeid, tillit og eit ønske om å bidra for å dra lasset framover, så er mitt bodskap til folket. Alle de som skriv og engasjerer dykk på Facebook og andre sosiale medium, eg håpar inderleg at Du kan komme på kommunestyremøte der faktagrunnlag og planar vert lagt fram, og å få med den politiske debatten rundt vedtaka. Det er der vi skal drive politikk! Støtt fram ungdommen og oss unge «naive» politikarar som enkelte kallar oss. Bidra du også, så kan det hende at vi saman klarar å drifte Kommune-Noreg, og gjere Vågsøy og Kinn kommune til ein flott kyststerk kommune, med nettopp kysten som vår styrke.

Velkommen til kommunestyremøte den 14. desember! Og meld dykk gjerne inn i eit politisk parti!