– I yngre dagar varMercedes ein uoppnåeleg draum. Eg tenkte «Den som hadde fått seg ein slik bil. Kanskje ein dag!». Det var der lidenskapen for Mercedes starta, seier bilentusiasten.

Han tek oss med på køyretur i ein Mercedes 280 SL kabriolet 1983-modell. Sjølv om det er kald haustluft i Selje denne dagen, er det ikkje noko problem å køyre med ope tak.

– Både eg og kona elskar å køyre bil. Cabrioletsesongen startar før påske og varer til langt ut på hausten. Då er vi mykje på biltur rundt i fylket. Det er godt varmeapparat, og vindskjerm bak. Det er ei heilt anna køyreoppleving når du får naturen inn i bilen. Særleg om våren er det mange lukter å kjenne. Så lenge det er opplett, er vi ikkje nøye på det.

Kona Gerd Kjellaug karakteriserer mannen som ein samlar. Han har 100 klokker. Myntar og frimerke samlar han også på.

– Eg hadde ti bilar inntil nyleg, då selde eg fire. Eg har ingen direkte planar om å erstatte dei eg selde, men eg følgjer godt med i marknaden. Du skal aldri seie aldri.

– Eg måtte ha ein tenkjepause før eg selde bilane i løpet av sommaren. Men eg såg at eg ikkje fekk tid til å bruke alle.

Bilane som vart selde var ein Mercedes 220 SE, ein Mercedes 320 S, ein BMW 3,0S og ein Volvo XC90. Ein av Mercedesane var den såkalla Kongebilen som han køyrde kongen med i samband med 1000-årsjubileet for kristninga av Norge på Dragseidet i 1997.

Det er langt frå keisamt sjølv om dei no har mykje ekstra tid. Å skrue, pusse og stelle – og ikkje minst køyre bilane – er noko av det han fyller dagane med.

– Vi trivst så godt i Selje. Vi føler tilknyting her etter 40 år, og slit med å rive oss lause, medgir Harald.

Begge vaks opp i Sogndal, eine dottera bur der, det same gjer mykje slekt og vener. Så det er der dei ser føre seg å ende opp.

– Gerd Kjellaug hadde ein bror, Bjarne Lerum, som dreiv Lerum. Bjarne var Mercedes-mann, og lèt etter seg seg ei bilsamling med omkring 50 køyretøy. No er det dei tre borna hans som tek hand om samlinga. Klart interessa smitta over på meg. Bestefar dreiv bensinstasjon der eg jobba om somrane i ungdomen. Og far hadde bilverkstad. Det byrja der.

Sjølv om dei fleste vil tenkje på bil som ein dyr hobby, meiner Harald Berge at han går nokolunde i balanse.

Harald Berge restaurerer for tida ein Jaguar XJS som står i garasjen til naboen.

– Eg kjøpte bilen av ein ålesundar som hadde kjøpt han i England. Eg har halde på eit par år med dette prosjektet, og planen er å selje bilen når han er ferdig og godkjend. Bortsett frå det har eg ikkje planar om å selje fleire av bilane, seier han om Jaguaren, som er ein 12-sylindra 1976-modell.

Ifølgje Berge må ein vere merksam på rust når det gjeld engelske bilar.