– Eg har reist spørsmål knytt til om desse lokala er tilfredsstiller arbeidsmiljølova og opplæringslova. Det har eg ikkje fått nokre gode svar på. Difor har vi valt å spørje Fylkesmannen, seier Myklebust.

Varaordføraren viser til at Senterpartiet ville behalde alle dei fem barneskulane og at han har vore motstandar av tre skular grunna kapasiteten på mottaksskulane.

Myklebust peiker også på at han meiner Vågsøy, Selje og Eid kommunar må kome fram til ei løysing for vidare drift av Bryggja skule.

– Det er eit nytt overgrep overfor innbyggjarane på Bryggja å legge ned skulen der eit og eit halvt år før ei eventuell grensejustering, når mottakskommunane har sagt dei vil at skulen skal vere der, slår varaordføraren fast.

– Det er no dei økonomiske konsekvensane kjem fram i dagen, og dei er alvorlege. Vågsøy kommune taper no i brutto rundt 30 millionar kroner pluss eigedomsskatt. Dette er heilt andre bleøp enn det rådmannen gav opp som tapte inntekter i januar, som var om lag 8 millionar kroner. I tillegg må ein erstatte plassane på omsorgssenteret. Mange av dei som er brukarar der kjem frå område utanfor Bryggja, seier Myklebust.

Ei grensejustering vil, ifølge Telemarksforsking, gje ein reduksjon i frie inntekter for Vågsøy på 29,5 millionar kroner årleg, og ein auke på 29,2 millionar kroner for Stad.

– At dette skal gå smertefritt står att å sjå, men den økonomiske kompensasjonen som Stad må yte er stort sett avgrensa til gjeld på dei kommunale eigedomane som er på Bryggja. Det er tvilsamt om det kan krevjast at til dømes låneopptaka for den nye ungdomsskulen følger med. Dette kan bli ei alvorleg økonomisk sak for Vågsøy og Kinn. Det har vi åtvara mot fleire gonger, utan at det har hatt innverknad, seier Myklebust.