Gruppa som kom opp med ideen om blåsteinbit i energidrikk hadde annan energidrikk på bordet på arbeidsstasjonen. Og medlemmene i gruppa Karina H. Førde, Christian Myklebust, Ole Gunnar Swensen, Odin André Frøyen og Lars Fosse innrømte at det var der dei henta inspirasjon frå.

– Blåsteinbit brukar vi å hive ut att i sjøen. Ein får berre 2 kroner kiloen. Det er ein stor, skrukkete fisk som ikkje er spesielt ettertrakta, seier Odin.

– Det er omega 3 i fisken. Saman med andre ingrediensar vil energidrikken både vere sunn og smake godt. Det er i alle fall ei moglegheit. No har vi idémyldring, men eg trur vi går for denne ideen, seier Karina.

Stavangertur i premie

30 elevar frå linene Naturbruk, Fiske og fangst og Akva ved Måløy vidaregåande skule var invitert på Innovasjonscamp i prosjektet Ringer av vann. Elevane skulle løyse oppdrag knytt til sjømatnæringa. Premien for det beste forslaget var reise til den nasjonale finalen under Det Norske Måltid i Stavanger i januar. Det var sett av halvanna skuledag til prosjektet. Til slutt la kvar av dei fem gruppene fram ein powerpoint-presentasjon der dei presenterte sitt prosjekt.

Opplegget var eit samarbeid mellom Ungt entreprenørskap i Sogn og Fjordane og Sett sjøbein. Dette er organisasjonar som er finansiert både av det offentlege og privat næringsliv. Dei hadde fått med seg Ervik Havfiske og Fjord Shipping på arrangementet.

Etterlyste litt galskap

– Ingen idear er for dumme. Det viser seg at det kan vere dei galnaste ideane som er dei beste, sa Lisa-Mari Hamre.

Ho jobbar med sal og logistikk i Arctic Linefish, salsselskapet til Ervik Havfiske. Ho og Robert Ervik frå Ervik Havfiske var mentorar for elevane og kom med tips og innspel undervegs. Eit døme som vart brukt var Ervik Havfiske si nysatsing på produksjon av hunde- og kattemat om bord i linebåten Frøyanes.

– Ungt entreprenørskap i Sogn og Fjordane jobbar med ulike næringar i heile fylket. Når det gjeld fiskeri og sjømat, er det Måløy og området rundt vi siktar mot. I fjor hadde vi denne tilstellinga på Stadlandet, det var første gong. Vi satsar på det skal bli årleg, seier Holger Aasen i Ungt entreprenørskap.

Trur på mogleheiter i fiskeauge

– Raudfisk, eller uer, har giftige piggar på ryggen og lysozym i auga som nøytraliserer gifta.

– Vi har ein idé om at vi kan få ut lysozym frå auga på fisken ved bruk av sentrifuge. Så trur vi det må gå an å bruke dette som medikament for å lindre annan betennelse, seier Tobias Aarvik, Markus Årvik, Marius Hamre og Per Martin Furnes.

Dei måtte sjekke nærmare om det var nokon som allereie hadde sjekka ut problemstillinga, men då vi snakka med dei, låg det an til at denne gruppa ville satse på naturmedisin som forretningsidé.

– Nokon har sagt til oss at dette sikkert er undersøkt tidlegare. Men det er ikkje sikkert. Det var ein lærar som tipsa oss om dette, fortel dei.

– No må vi berre undersøke mest mogleg for å skaffe oss kunnskap.

Lærar John Heimvik ved Måløy vidaregåande skule som følgde opp elevane, kunne fortelje om stor spennvidde og kreativitet.

– I tillegg til energidrikk og bruk av auge frå raudfisk til medisin, blir det snakka om fisk som hurtigmat til ungdom, bruk av kval og torsketarmar. Når det gjeld hurtigmaten, blir det lagt vekt på at det må vere billig, lett å lage og godt, seier Heimvik.