Knutholmen i Kalvåg har allereie starta julebordsesongen, men frå denne helga får publikum også meir når ein byr på showet Juletøtter med nye Julenøtter med Kalvåg songlag. Showet blir vist 25. november og 2. og 9. desember.

– Eit juleshow spekka med knakande god musikk, humor og spanande gjestar, skriv Knutholmen på Facebook.

Showet er eit samarbeid mellom Knutholmen og damekoret Kalvåg songlag. Dei hadde stor suksess med juleshowet i fjor der dei selde over 700 billettar. Juleshowet finn stad på Frøyenhuset i Kalvåg, og gjesteartistar i år er Norvall Klungresæter, Trond Strand, David E. Antonsen, samt fleire overraskingar.