Dailystory består nemleg av Tone Damli, Bertine Zetlitz, Line Langmo og Nina Wang Gaarder, i tillegg til AG. Gaarder er dagleg leiar av føretaket, som også har sterke krefter i styret.

Der sit advokat Anne Lise Ellingsen Gryte, Stein Erik Hagen si dotter Camilla Hagen Sørli og klesgründer Line Varner.

Livsstilsmagasin

Dailystory er eit livsstilsmagasin på nett, der alle bidragsytarane til no er kvinner.

– Magasinet har vore i støypeskeia eit par månader. Det har gått veldig fort, seier bloggar Line Langmo.

Les meir om «Likestilt» her.

Dailystory er ikkje lansert på nett enno, for medan det tekniske fell på plass har også jentene litt oppsigelsestid der dei har hatt sine bloggar fram til no.

– No byggjer vi berre opp mykje forventningar. Og det er bra, for då blir vi berre endå meir gira, seier Tone Damli engasjert.

Dei forskjellige jentene kjem frå fleire forskjellige bransjar. Tone og Bertine frå popmusikken, Anne-Grethe Starheim frå makeup og styling, Nina Wang Gaarder er gründer og Line Langmo frå fagområdet kle og mote.

– Det er jo fleire av oss som fortsett med det vi har gjort, for vi har jo blogga mykje. Men det blir kanskje meir strukturert no, seier jentene.

Ny kvardag

For Anne-Grethe blir det å blogge noko heilt nytt. Makeup-spesialisten har stort sett halde seg i bakgrunnen med sminkeutstyret sitt. No skal ho avsløre litt sminketips og fortelje meir om kvardagen sin.

– Eg har jo vore linselusa. Og eg kjem kanskje til å vere litt i bakgrunnen framleis. Det blir jo ikkje bilete av meg, men dei eg sminkar til dømes, fortel ho om rolla si i Dailystory-selskapet.

Ho føler seg veldig komfortabel i venninnegjengen.

– Eg blir jo sterkare i lag med desse. Sjølv når eg no ikkje så langt. Eg er jo berre «sminkehøna» frå Eid, smiler ho audmjukt.

Og ein ting er ho spesielt fornøgd med.

– Eg kom i Dagens Næringsliv før pappa, seier AG med eit stort smil om forretningsmannen Roald Starheim som driv Norgesvinduet Bjørlo heime på Nordfjordeid.

Det er god stemning i Dailystory-redaksjonen nokre veker før sleppet.

– Vi er ein fin gjeng. Vi er veldig fornøgde med at vi er akkurat oss. Vi har kjent kvarandre på kryss og tvers lenge. Vi er gode venninner, og det skal ikkje vere olbogar og krangling her. Vi er litt «gathering forces», og vi heiar kvarandre fram, seier dei.

Det er med andre ord skikkeleg «girlpower»-stemning.

– Så absolutt. Men vi er veldig glad i menn også. Dailystory kan også lesast av det motsette kjønn, konkluderer dei, og legg til at det også kan kome mannlege bidragsytarar til etter kvart.