Ved utgangen av november var det 784 heilt ledige i Sogn og Fjordane. Det er 128 færre enn for eitt år sidan og svarar til ein reduksjon på 14 prosent.

På landsnivå er arbeidsløysa redusert med 18 prosent frå same månad i fjor. Det er no 64.216 heilt ledige, tilsvarande 2,3 prosent av arbeidsstyrken.

I dei kommunane som har ein auke i arbeidsløysa, er det berre snakk om ein mindre auke.

Hyllestad, med 3,6 prosent, har høgast arbeidsløyse i Sogn og Fjordane.

Elles er det verd å merke seg at mange av dei større kommunane i fylket har svært låg arbeidsløyse. Sogndal, Førde, Eid, Gloppen og Stryn har alle ein arbeidsløyse på 1,0 prosent eller lågare.

Samanlikna med november i fjor, har arbeidsløysa gått ned i alle næringsgrupper, sett bort frå butikk- og salsarbeid og serviceyrke. Nedgangen i arbeidsløysa er størst innan industri med 61 færre ledige og reiseliv og transport med 24 færre. I industrien er det no berre 154 heilt ledige, noko som til dels skuldast låge permitteringstal.

I november var det 56 heilt permitterte i Sogn og Fjordane, 15 færre enn same månad i fjor. 18 av desse kjem frå bygg og anlegg og 21 frå industri (av dette berre 3 frå fiskeindustrien).