– Auka bruk av arbeidsmarknadstiltak og få permitterte bidreg til den positive utviklinga, men vi har også ein generelt god arbeidsmarknad, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes. Arkivfoto

– Auka bruk av arbeidsmarknadstiltak og få permitterte bidreg til den positive utviklinga, men vi har også ein generelt god arbeidsmarknad, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes. Arkivfoto

Har den lågaste arbeidsløysa i landet

Med ei arbeidsløyse på 1,3 prosent, har Sogn og Fjordane lågast arbeidsløyse i landet.

Ved utgangen av november var det 784 heilt ledige i Sogn og Fjordane. Det er 128 færre enn for eitt år sidan og svarar til ein reduksjon på 14 prosent.


Frank var den første som fekk jobb

Frank Gjerde (42) frå Halsør omtalar Nordfjord Psykiatrisenter sitt jobbstøtteprosjekt som «heilt supert». I dag jobbar den tidlegare rusmisbrukaren hjå Nor Marine og hjelper tilmed å heisar båtar i vinteropplag.

– Auka bruk av arbeidsmarknadstiltak og få permitterte bidreg til den positive utviklinga, men vi har også ein generelt god arbeidsmarknad. Vi kan også glede oss over at resten av Vestlandet har solid nedgang i arbeidsløysa etter ein tung periode som følgje av oljekrisa, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes, i ei pressemelding.

På landsnivå er arbeidsløysa redusert med 18 prosent frå same månad i fjor. Det er no 64.216 heilt ledige, tilsvarande 2,3 prosent av arbeidsstyrken.


Likestilt:

Andrea fekk Jobbsjansen ho håpa på

Andrea Bondhus Myrvoll (19) er ein av seks ungdomar som har kome i jobb eller utdanning etter å ha delteke i prosjektet Jobbsjansen for unge vaksne i Vanylven kommune.

16 av kommunane i Sogn og Fjordane har ein reduksjon i arbeidsløysa i november, mens tre har uendra arbeidsløyse. Størst reduksjon har Vågsøy med 23 færre ledige enn på same tid i fjor.

I dei kommunane som har ein auke i arbeidsløysa, er det berre snakk om ein mindre auke. 

Hyllestad, med 3,6 prosent, har høgast arbeidsløyse i Sogn og Fjordane.


Lågaste arbeidsløysa på ni år

Ved utgangen av oktober var det 776 heilt ledige i Sogn og Fjordane. Det er 118 færre enn for eitt år sidan og svarar til ein reduksjon på 13 prosent. Med ei arbeidsløyse på 1,3 prosent, har Sogn og Fjordane lågast arbeidsløyse i landet.

Hornindal med 0,3 prosent og Gulen med 0,6 prosent, har lågast arbeidsløyse.

Elles er det verd å merke seg at mange av dei større kommunane i fylket har svært låg arbeidsløyse. Sogndal, Førde, Eid, Gloppen og Stryn har alle ein arbeidsløyse på 1,0 prosent eller lågare.

Samanlikna med november i fjor, har arbeidsløysa gått ned i alle næringsgrupper, sett bort frå butikk- og salsarbeid og serviceyrke. Nedgangen i arbeidsløysa er størst innan industri med 61 færre ledige og reiseliv og transport med 24 færre. I industrien er det no berre 154 heilt ledige, noko som til dels skuldast låge permitteringstal.

I november var det 56 heilt permitterte i Sogn og Fjordane, 15 færre enn same månad i fjor. 18 av desse kjem frå bygg og anlegg og 21 frå industri (av dette berre 3 frå fiskeindustrien).

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå