– Eg har alltid elska å undervise, og av ulike grunnar ser eg dette som den beste løysinga for meg akkurat no, fortel Teunis.

Ho er også tilsett som organist i Sør-Vågsøy kyrkje, og fortel at dette er vanskeleg å kombinere med stillinga i kulturskulen.

– No jobbar eg sju dagar i veka, og det er litt mykje. Eg må jo tenke på helsa mi òg, fortel ho.

Les meir om «Likestilt» her.

Teunis forklarar at ho no vil undervise i både piano og orgel heime hos seg, og understrekar at ho har plass til å ta inn mange.

– Eg er fleksibel og har i alle fall plass til 20, både unge og vaksne er velkomne, smiler ho, og fortel at ho har undervist sidan 1978.

– Eg har spelt sjølv sidan eg var ti år, og begynte som organist då eg var 17, fortel Teunis som no er 59.

For henne er det viktig at spelegleda er i fokus når ho underviser.

– Eg vil hjelpe elevane mine med å meistre musikalsk glede! Det er fantastisk.

Organisten fortel at ho i tillegg til speleglede har teknikk i fokus.

– God teknikk har alt å seie, og eg likar å gå sakte, men sikkert framover. Det blir det gode resultat av.

Teunis fortel at piano og orgel er nokså like instrument, men for å bli god trengst det mykje øving heime.

– Ein må ha tilgang til instrument sjølv slik at ein kan øve mellom øktene. Det er då ein blir god, påpeiker ho og fortel at ein også har anledning til å bruke orgla i kyrkjene på både Raudeberg og i Måløy.

Teunis fortel at folk har blitt overraska over nyheita, og håpar at folk er trygge på ho og vil nytte seg av tilbodet som ifølgje ho er det einaste av sitt slag i Vågsøy no.

– Eg skjønar det dersom nokon synest det er for dyrt samanlikna med kulturskulen, men eg har større fridom, er fleksibel og ynskjer meg elevar frå alle bygdene. Og dersom nokon til dømes har utfordringar med transport fiksar vi det.

Organisten forklarar at tid til å øve med elevane kjem til å stå i fokus.

– Etter alle åra mine i kulturskulen har det vore store forandringar. No er kvar time på 20 minutt, og vi må bruke mykje tid på kontorarbeid, møter og rapportar. Slik vil eg ikkje ha det, og derfor satsar eg på eiga hand, avsluttar ho.