Dette innlegget er skrive av Roald Solheim frå Ålfoten.

Norsk viltforvaltning eller Norsk Tipping?

Tipp eit tal! Kvar vår blir det talt hjortedyr. Ivrige wistexkledde matematikarar med lange lommelykter tel og tel. Etter jaktdagen om hausten skal jegeren rapportere kor mange dyr han eller ho såg. Om jegeren såg det same dyret fleirfaldige gonger, spelar det inga rolle. Sett-hjort-prosjektet er ei forunderleg form for forskning. Resultata fortel ingen verdens ting om storleiken på hjortestammen, men tiltaket fortel mykje om «forskarane» bak.

Men klokingane på kontora får tala sine. Det er det viktige. Om tala er pålitelige, er ikkje så nøye. Om tala er leverte av habile folk, eller ikkje, er heilt uinteressant. Kva ordet habilitet tyder, er det få i «forskninga» som bryr seg om. Har det noko med Hellbillies frå Gol å gjere? Er det eit banneord på brasiliansk kanskje? Eller tyder ordet «å ha eigen bil»?

Dei tvilsame tala blir leverte til konsulentar i kommunane. Men er konsulentane habile? Kva utdanning har dei? Det er få som spør om slikt. Har ansvarlege i fylkeskommunane og i direktoratet ordna med seriøse spørjeskjema slik at inhabile teljarar og konsulentar kan bli erstatta? Ugilde teljarar og ugilde konsulentar gjev ubrukande tal og komiske konklusjonar. Teljings- prosjektet i dag er ein pussig parodi, og konklusjonane er heilt verdlause. Som han sa mannen: Det er ikkje skrantesykja i skogen og på fjellet som øydelegg hjorten og reinen vår, det er skrantesykja på kontora!

Dei som samlar inn tala, og dei som seinare handsamar tala, hevdar at hjortestammen på Nordvestlandet et altfor stor. Men held det vatn? Vi veit kort og godt ikkje om hjortestammen er stor eller liten. Likevel er det tryggast å drepe mest mogleg! Dei kloke aukar fellingskvoten av tilfeldig sommarkalv utan grunnlag. Somme stader er han no (2017) på heile 40 prosent av totalkvoten. Dei ymtar om å auke han til 50 prosent. I nokre kommunar er det valfritt om ein vil skyte fjordyr eller sommarkalv. Slik er norsk viltstell på sitt beste!

Søyene lammar frå om lag 10. april. Dei fleste lamma er slaktemogne i oktober, seks-sju månader seinare. Då er snitt- slaktevekta til lam av rasen Norsk kvit sau om lag 20 kilo (kjelde: Nortura) Lammet blir avliva elektrisk, så heile skrotten blir brukande.

Hjortekollene kalvar i månadskiftet mai/juni og utover sommaren. Jegeren kan skyte tilfeldig sommarkalv frå første september. Mange kalvar er då framleis prikkete. Gjennomsnittleg slaktevekt på ein sommarkalv er oppgitt til om lag 25 kilo. Om veginga og rapporteringa er utført av habile folk, får vi ikkje vite. Skrottane til dei skamskotne og prikkete puslingane er i alle høve langt frå 25 kilo. Sommarkalven blir avliva med skot gjennom bogen frå eit grovkalibra våpen. Vi kan rekne med at minst fem kilo kjøt av slaktet ikkje kan brukast. Då blir den brukbare snittslaktevekta til sommarkalven berre 20 kilo, eller om lag som snittslaktevekta til lam av rasen Norsk kvit sau. Kalvane er langt frå slaktemogne det første leveåret. Dei legg like mykje på seg den andre sommaren som den første.

Når dyra er 1,5 år gamle (fjordyr), er dei meir slaktemogne. Då har snittslaktevekta auka til over 45 kg. Hanndyra har fått pikar (stilkar) på hovudet, så jegeren ser kva kjønn dyret har. Jegeren bør hauste dei minste fjordyra. Dei største bør få leve. Det er slik naturen arbeider. Det var slik vi arbeidde før klokingane kom. Det er slik vi bør arbeide i framtida. Det er ved å samarbeide med naturen vi har fått den gode hjortestammen vi enno ser restane av somme stader på Vestlandet. Denne flotte stammen er om kort tid berre «en saga blott» om ingen i sentrale stillingar tek ansvar og gjer grep.

Ein lydig sommarkalvjeger får oss til å tenkje på eventyret om ein oppdikta sauebonde. Han jaga sauene sine til fjelles 17. mai om morgonen. Jonsokafta tok han tok med seg mauseren og ein pakke blyspiss og tusla til fjells der sauene hans var. Så skaut bonden lamma sine etter kvart som han såg dei. Bonden tapte avlsmessig på at han ikkje visste kva lam han avliva. Bonden tapte økonomisk på val av for tidleg slaktetidspunkt. Mannen tapte tapte fem kilo kjøt per lam på grunn av at han skaut smålamma gjennom bogen med mauser. Truleg ville ein slik sauebonde fort fått besøk av fastlegen, som ville ha gitt han ei roande sprøyte og ringt sjukebilen. Ambulansen ville ha køyrt den rike mannen i full fart til næraste lukka avdeling. Der ville karen fått polstra einerom og ei skjorte med lange ermer, ei slik som kan knytast på ryggen. Lensmannen ville ha vore tidleg ute og henta rifla og resten av blyspissen. Til slutt ville Mattilsynet ha teke frå den rike bonden retten til å drive med husdyrhald for all framtid. Men den rike bonden fekk hjelp med medisinane to gonger i veka, og tips om eit anna yrke. Og snipp, snakk snute.

I eventyret blir udugange agentar avskilta og omplasserte. I verkelegheita er det diverre ikkje slik.