–Det positive er at innbyggjarane får svar med ein gong, og slepp å vente på postgang. Fordelen er at ein frå kommunen kan sende all slags post. Dømer er arbeidsavtalar eller svar på byggjesøknader og vedtak, seier Wenche Berget, leiar for Servicekontoret og IKT-koordinator i Selje kommune.

Meir digitale

Målet er å bli meir tilgjengelege på nett og Selje kommune oppmodar  alle innbyggjarane om å opprette digitale postkasser dersom ein ikkje allereie har dette. Ein kan også hente post i Altinn.

– Ein annan fordel er miljøaspektet. Ved å redusere talet på brev som blir sende i posten reduserer ein papirbruk og redusert CO2-avtrykk.  Det er enkelt, effektivt og grønt!

Ein kan opprette digital postkasse gjennom Posten (Digipost) eller gjennom Nets/PostNor (e-Boks). Kommunen leverer elektronisk post til deg uavhengig av kva for elektronisk postkasse ein vel.

Brev elektronisk

KS SvarUt er ei felles løysing  for kommuner og fylkeskommuner for å formidle digital post frå kommunale saksarkiv og fagsystem til både innbyggjarar, næringsliv, offentlege og private organ. Hensikta er å formidle dokument frå kommunal sektor rimeleg, effektivt og sikkert.  Dersom ein ikkje har digital postkasse, eller har reservert det mot digital post, så vil papirbrevet kome i postkassa eller postboksen som før.