Slik lyder uttalen til Flora Industri- og Næringsforening:

«Politikarane i Sogn og Fjordane fylkeskommune har i bestilling fleire planarbeid som skal handsamast i næraste framtid. Næringslivet på kysten og  i Floraregionen har store forventningar til tre av desse

- Regional transportplan (RTP)

- Geografisk plan for kysten

- Plan for bu-, arbeids- og serviceregionar (BAS)

Grunnen til dette er at potensialet for verdiskaping og folketalsvekst på kysten vår er stor, men dette potensialet er på ingen måte tatt ut. Grunnlaget for framtidsnæringar innan marine og maritime verksemd ligg på kysten. Likeins nysatsingar innan energifeltet som vindkraft og bølgjekraft. I fylka nord og sør for fylket vårt har ein lukkast med kystsatsing, og ein ser at tettstadar og næringsliv på kysten blomstrar. Verdiskapinga er stor og folketalet aukar.

Plan for kysten skal dokumentere trongen for satsing på kysten i Sogn og Fjordane, og vise kva moglegheiter som ligg her og korleis vi kan realisere dei. Planen for BAS-regionar skal vise betydninga av å bygge saman tettstader som velfungerande bu-og arbeidsregionar. Desse to planane skal endeleg handsamast politisk til våren, og i arbeidet så langt vert det peika på at gode samferdsleløysingar er avgjerande viktige for at ein skal nå dei overordna måla om auka verdiskaping og folketalsvekst. Transportkorridorar som legg til rette for nye næringsareal for veksande kystnæringar og kortar ned reisetid vert etterlyst.

Det er derfor nedslåande å sjå at Regional transportplan som skal avgjerast allereie no, ikkje tek nok omsyn til måla med desse to planane. Den største kystbyen i fylket , Flora, får ikkje korta ned reisetida til tettstadane nord for oss på kysten med den vegtrasen som vert peika på av fylkesrådmannen. Denne  transportkorridoren frigjer heller ikkje nye kystnære næringsareal  som ein inneklemt øy-by som Flora allereie manglar i dag. Dessutan manglar  RTP omtale av beredskapssituasjonen i Florø om einaste vegen ut av byen vert stengt grunna ras eller tunnelhendingar. Eit bysentrum med 8000 innbyggarar og 3000 arbeidsplassar har ikkje, og vil heller ikkje med ny RTP få ein omkøyringsveg.

Flora Industri og Næringsforening ber derfor om at fylkespolitikarane vel Terøyalternativet. Om dette ikkje skulle få fleirtal, ber vi om at de subsidiært stemmer for ei utsetting av traseval mellom Grov og Myklebustdalen sidan dette er den siste parsellen mellom Flora og Vågsøy som skal byggast. Ein får då tid til å sjå på meir kostnadseffektive løysingar og samstundes utgreie beredskapssituasjonen betre.»