Bjørn Eidsvåg spelte framsyninga «ETTERLYST: JESUS» for fulle hus på Det Norske Teatret i Oslo i fjor haust.

No kan du sjå han i Operahuset Nordfjord som einaste spelestad i Sogn og Fjordane.

Bjørn Eidsvåg har med seg skodespelar Svein Tindberg og sitt faste band, som alle står på scena med han i stykket. Då Bjørn Eidsvåg vaks opp i Sauda, var Jesus den store helten. Han var god, snill og rettferdig. Ein superhelt tøffare enn Tarzan! Vesle Bjørn var sikker på at Jesus alltid ville passe på han. Men i ungdomstida blei Jesus mykje strengare. I studietida endra Jesus seg ytterlegare, og Bjørn Eidsvåg kunne konstatere at Jesus var annleis i Oslo enn på heimplassen. Jesus var i sanning allsidig. Og han endra seg frå stad til stad og med tida.