– Vi er veldig opptatt av å skape noko nytt. Ikkje berre fordi vi vil seie at vi skal skape noko nytt, men fordi vi ikkje vil halde fram i dei spora vi har vore i. Vi vil nytte høvet til å skape ein ny organisasjon med nye arbeidsformer og strukturar, om vi finn det tenleg, seier Krogsæter, som er prosjektrådmann for den nye kommunen og rådmann i Eid kommune.

Les meir om «Likestilt» her.

1. januar 2020 skal Selje og Eid slå seg saman til Stad kommune. Ein kommune som med folket på Bryggja får om lag 9.500 innbyggjarar. Fram til no har prosjektgruppa beståande av Krogsæther, Dahl og Paulsen, som har ansvaret for den daglege drifta av prosjektet, arbeidd med eit program for alt som skal skje fram til 2020.

– Det kan vere at det har verka stilt, men vi har jobba mykje med grunnlagsdokument og struktur, seier Krogsæter.

Vil engasjere innbyggjarane

Prosjektgruppa arbeider med korleis ein skal strukturere kvardagen for dei om lag 900 tilsette i kommunane, men samstundes ønskjer dei å inkludere innbyggjarane.

– Vi har snakka om kva som skal vere leiestjerna vår, og vi har kome fram til at vi vil skape oppslutnad og entusiasme i samfunnet vårt, ikkje berre i tenestene, seier Paulsen.

– Eg tenker at det er viktig at vi er ansvarlege, fornuftige og rause. Det kjem innbyggjarane til gode seinare. Vi er her ei lita stund, og det er politikarane også. Vi lånar litt av Selje, Eid og Stad kommune. Det må vi ta på alvor, supplerer Dahl.

Trass i at det er over to år til kommunane offisielt blir nye Stad kommune understrekar gruppa at arbeidet ikkje vil vere ferdig innan den tid.

– Det går ikkje an å tenke at vi skal vere ferdig i 2020. Vi må legge nokre planar som må vere på plass slik at kommunen fungerer. Men så må vi også sjå på kva som kan vente og kva vi må jobbe med over mange år for at det skal sette seg, samanfattar Krogsæter.

Slit med å rekruttere menn

I tillegg til at det i prosjektgruppa sit berre kvinner, er kvinnene sterkt representert i dei andre leiarfunksjonane. Fire av sju prosjektleiarar er kvinner.

– Utfordringa vår er at kommunalsektor er sterkt dominert av kvinner. Utgangspunktet var at leiarane for dei ulike prosjekta skulle vere tenesteleiarar eller avdelingsleiarar. Vi har måtte drive med aktiv rekruttering for å få inn nok menn sidan vi meiner det er viktig med balanse. Spesielt sett i lys av at alle dei fire hovudtillitsvalde i prosjekta er kvinner, forklarar Krogsæter.

På lik linje med kjønnsbalanse er prosjektgruppa opptekne av at Selje og Eid er likeverdige partar i samanslåinga.

– Det er ein naturleg ubalanse i storleik og arbeidskraft i dei to kommunane. Då er det fort gjort at ein kan oppleve at ein blir ein veslebror som skal innlemmast, og det er frykteleg viktig for oss at det ikkje blir slik, seier prosjektrådmannen.

– Burde ein ikkje hatt med nokon frå Selje i denne gruppa?

– Nei, no er det vi som sit og administrerer dette så langt. Selje er inne i styringsgruppa med rådmannen. Elles har vi sju prosjekt der tre av prosjektleiarane er frå Selje. Det er ikkje rundt dette bordet at tenestene og strukturane skal formast, seier Krogsæter.