Dei hovudtillitsvalde Heidi Rønhovde i Fagforbundet og Ingunn Frøyen i Utdanningsforbundet blei overraska over å lese sine eigne namn i Fjordenes Tidende som om dei var del av informasjonsflyten mellom Vågsøy kommune og dei tilsette ved barnehagane i prosessen rundt samanslåinga av Skramsmarka og Holvik barnehagar i Holvik.

Dei tilsette ved barnehagane reagerte førre veke på at flyttinga blei informert om via eit brev til foreldra, mens dei sjølve følte dei visste lite, og slett ikkje at flytting allereie var bestemt.

– Då vi såg namna våre i avisa, følte vi at vi blei ansvarleggjort for ein prosess vi ikkje har kunna påverke, og som vi ikkje har vore med i, seier Ingunn Frøyen.

Dei tillitsvalde seier det er dei som har måtta etterspørre all informasjon frå kommunen i denne saka, ikkje andre vegen.

– Arbeidsgjevar har ei drøftingsplikt overfor tillitsvalde når det gjeld omstilling. Vi har ikkje vore invitert med på drøfting, men har måtta etterspørre informasjon i denne saka, seier Rønhovde, som fortel at dei innsåg informasjonsbehovet etter at det kom rykte på bygda om at barnehagen skulle flytte.

– Personalet trudde dette måtte vere fleire år fram i tid for barnehage var omtrent ikkje nemnt i skulebruksplanen anna enn at ein opna opp for at SFO kunne bruke Skramsmarka.

Elevar i Skramsmarka

Dei bad om møte både med kommunalsjef og administrasjonsutvalet (ADMU), og fekk raskt eit møte i ADMU, 2. november. Her blei det tatt opp at prosessen ikkje var god nok når det gjeld drøfting og informasjon til dei tillitsvalte. 17. november, ei veke etter at skulenedlegging var vedteke, møtte dei kommunalsjefen. Men heller ikkje dette møtet opplevde dei som eit drøftingsmøte.

– Det blei informert om at det var ein føresetnad at Skramsmarka barnehage måtte flyttast for at Skram skulle kunne ta imot elevane ved Holvik skule. Styrarane var informert og skulle informere vidare. Det var snakk om å gjere minimumsinvesteringar ved Skram sidan ein også skal greie ut éin storskule. Eg stilte spørsmål om ikkje barnehagedelen også trengte politisk behandling. Å legge ned sentrumsbarnehagen i Måløy er ei stor avgjerd med stor påverknad for foreldre og tilsette. Det kom overraskande på meg at dei meinte ein ikkje trengte eit eige vedtak, men at det var greitt at det låg som ei setning i budsjettet, seier Frøyen.

– Det som plagar meg mest er at vedtaket om nedlegging av Holvik skule bygger på at der er plass på Skram, seier Rønhovde, og viser til at det under synfaringa, som dei også måtte invitere seg sjølve med på, blei lansert ei løysing med å plassere 1. klasse i Skramsmarka.

– Først skulle ein flytte SFO, så 1. klasse. Administrasjonen har heile vegen hevda at der er plass på Skram, medan tilsette og foreldre har stilt spørsmål ved dette. No kan det altså hende at første klasse blir plassert i Skramsmarka, utan at det har vore noko konsekvensutgreiing rundt det å legge ned sentrumsbarnehagen. Eg saknar ei meir planlagt framdrift frå politikarane, seier Frøyen.

No etterlyser dei medverknad og betre prosessar.

– Uvisse skapar uro og folk føler seg utrygge. Fagforbundet har sendt ut eit brev til alle politiske parti der vi etterlyser trepartssamarbeidet. Arbeidstakarorganisasjonane kan vere ein kjemperessurs for kommunen. Vi kan hjelpe til med å få tidleg involvering, gode prosessar med tilsette og god informasjon ut. Vi vil gjerne vere ein del av informasjonsflyten, men det føreset at vi er med der det skjer, når det skjer, og ikkje heile tida må kome i etterkant når ting allereie er avgjort, seier Rønhovde.