I ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet heiter det at norske jenter er meir samfunnsengasjerte enn gutar.

Les meir om «Likestilt» her.

Pressemeldinga baserer seg på ei internasjonal undersøking gjort av ICCS (international Civic and Citizenship Education Study) der 14-åringar sin kunnskap kring demokratiske spørsmål vart testa. Fride Audunsdotter Westvik går i niande klasse ved Vågsøy ungdomsskule, og meiner at jentene også der kanskje bryr seg litt ekstra om det som skjer i samfunnet.

– Det spørst jo heilt kva det dreier seg om, men jamt over trur eg jentene følger litt meir med, seier ho og får støtte frå klassevenninna Ingrid Lade.

– Eg har ikkje lagt merke til noko store skilnader mellom gutar og jenter, men jentene er nok litt ekstra engasjert i samfunnsrelaterte saker, påpeiker Ingrid.

Rosar skulen

Dei fem venninnene er fordelt på tre ulike klasser, men alle meiner at dei får mykje og god kunnskap om samfunnet gjennom undervisninga.

– Det er nok her vi har lært det meste vi kan om slike ting. Før valet hadde vi både skuleval og debattar. Vi har lært om ulike prosessar knytt til val og regjeringsskifte, og veit no til dømes kva mandat er.

Nokre av jentene understrekar at politikk er interessant, men synest det kan bli litt vanskeleg og kjedeleg.

– Debattar er veldig spennande, men noko av det blir litt tungt, seier Verena Våge og får støtte frå Eline Silden og Henriette Fløysand Kvalheim.

Dei påpeikar samtidig at nokre ting fenger meir enn andre, og trekk fram skule som eit eksempel.

– Det er veldig viktig for oss å prate om skule, lekse, fråværsgrense og psykisk helse. I tillegg er miljøet kjempeviktig, vi er nøydde til å ta lure val for å kunne leve her i framtida! seier jentene bestemt, og legg til at det er viktig å engasjere seg og bruke stemma si.

Utfordrar lokalpolitikarane

Ungdommane meiner det er viktig at dei får lære om samfunnet tidleg, og trur dette er med på å sikre eit større engasjement i framtida.

– Det er absolutt ikkje for tidleg å lære om slike ting, vi startar allereie på barneskulen og det burde ein halde fram med. Det er jo meir sannsynleg at vi då engasjerer oss seinare og bruker stemmeretten vår, påpeiker dei.

Jentene fortel at dei samtidig kunne tenke seg endå meir kunnskap, og innrømmer at dei ikkje har så god kontroll på lokalpolitikken.

– Då vi hadde skuleval var det ein del som stemte blankt, fordi ein gjerne ikkje veit nok om dei ulike partia. Eg trur eg kjenner til namnet på éin lokalpolitikar, fortel Verena.

– I tillegg til skulen får vi informasjon gjennom sosiale media og nettaviser, men det hadde vore kult om lokale politikarar hadde kommunisert meir direkte til oss.

Jentene har fått med seg debattar om kommunesamanslåing, skulenedlegging og grensejustering, men er ikkje sikre på kven som meiner kva i dei ulike sakene.

– Sjølv om vi ikkje kan stemme på nokre år, finst det andre måtar å engasjere seg på, og det trur vi mange hadde gjort dersom politikarane hadde klart å nå ut til oss òg, understrekar dei.

– Ja, eg vurderer til dømes å melde meg inn i eit ungdomsparti etter kvart, det verkar spennande! seier Fride.