Dette melder Fjordabladet.

Grunnen til at kommunen ikkje får midlar gjennom denne ordninga er ifølgje avisa at Eid gløymde å søkje.

– Vi har ikkje søkt. Diverre fall det mellom to stolar. Vi hadde eit ansvarsskifte, der helse og omsorg har overlate ansvaret til kultur. No har vi sett ned ei gruppe som skal sikre at dette ikkje skjer igjen, fortel kultursjef Geir Holmen i Eid kommune til Fjordabladet.

– Vi har hausten 2017 bestemt oss for å overføre ansvaret for den kulturelle spaserstokken fra helsesektoren til kulturavdelinga. Vi vil på den måten nytte dei profesjonelle kreftene vi har i organisasjonen vår til å planlegge, tilby og gjennomføre kulturelle hendingar for dei eldre i samråd med helsesektoren. Engasjementet for dette er stort, og tankane om kva vi kan tilby er mange og varierte. Vi har trua på at dette kan være starten på eit meir heilheitleg, gjennomtenkt og faglig forankra tilbod, opplyser kultursjef Geir Holmen i ein e-post.

– Det er riktig at det ikkje vart søkt midlar for 2018, men det påverkar altså ikkje vår evne til å gjennomføre dei tiltaka vi planlegg for 2018, samanfattar Holmen.

Vågsøy kommune har fått tildelt 50.000 kroner, Selje 20.000 kroner, og Bremanger 60.000 kroner gjennom ordninga.

Løyvingane skal hovudsakleg nyttast til kunst- og kulturformidling av høg kvalitet, gjerne i samarbeid med kunst- og kulturinstitusjonar, kunstnarar og andre kulturaktørar på lokalt eller regionalt nivå.