Dette vart klart etter at elevane Johanna Magdeli Pettersson Utvær, Eduard Gabriel Gorun og Sander Øen Omberg på laget KYSTfolk gjekk til topps i semifinalen i TINE MatCup i Tromsø førre torsdag.

Blir motivert av konkurransar

60 lag sende inn sine bidrag til konkurransen Tine Matcup. 30 av desse fekk delta i semifinalane, og no er det berre seks lag att.

– Eg syns det er veldig kjekt å få delta, og det trur eg resten av laget gjer også. Det gir motivasjon til skulearbeidet. No må vi berre øve mykje og gå gjennom menyen fleire gongar, slik at vi blir klar til finalen.

Elevane frå Måløy vidaregåande stiller i finalen saman med fem lag i Stavanger i februar. Arrangør av konkurransen er TINE og Norges Kokkemesteres Landsforening.

Avansert meny

MVS-elevane trur det var ein god meny som gav dei sigeren under semi-finalen i TINE MatCup.

– Eg trur vi nådde finalen fordi vi hadde ein meny med mange ulike komponentar som var litt avansert. Sjølv om det ikkje vart heilt perfekt så var det ein spennande meny, som vi trur dommarane likte, forklarar Johanna Magdeli Pettersson Utvær på finalelaget.

MVS-elevane hadde fire timar på å lage forrett, hovudrett og dessert til dommarane. Her desserten som var ein solbærsufflé.

Til forrett lagde og serverte MVS-elevane omnsbakt torskerygg med nøttelokk, bakte og marinerte rødbeter, sellerirotpuré og urteolje, til hovud-rett heilsteikt lammesadel, glasert gulrot, sylta løk, pannesteikt sopp, emulsjonssaus med rosmarin og rosmarinskum og krokettkuler, og til dessert fekk dommarane solbærsufflé, brunost-is toppa med karamellisert brunost, tørka solbær og salt karamellsaus med gudbrandsdalsost.

Krev mykje trening

Lagleiar og lærar på Måløy vidaregåande skule, Bente Vonheim, er stolt over innsatsen til elevane.

– Det som er unikt med dette er at det er ein landsdekkande konkurranse, og det er den største konkurransen for elevar i vårt fag. Det var 60 lag i byrjinga, og no har dei blitt til seks. At elevane frå skulen vår er med vidare er eg veldig stolt av, seier Vonheim.

– Det ligg veldig mykje planlegging og trening bak dette. Til dømes har Sander stått opp 05.30 i Stryn for å reise til Snorre Seafood og filetere fisk for å bli god på det til konkurransen. Berre det at ein 17-åring er villig til å gjere det er imponerande. I tillegg har elevane brukt søndagar til å øve, fortel lagleiaren.

Men treninga er ikkje over for elevane på Måløy vidaregåande skule.

– No må vi trene enda meir enn vi har gjort tidlegare. Det er berre seks lag i finalen i Stavanger, men eg har god tru på elevane. Dei har ein god meny og gode haldningar, samanfattar Vonheim.

Rosar lokalt næringsliv

Lærar Bente Vonheim meiner lokalt næringsliv har spelt ei viktig rolle i MVS-elevane sin siger i semifinalen.

– Vi set stor pris på det lokale næringslivet. Elevane hadde ikkje vunne utan så god støtte, seier Vonheim.

Ho fortel at elevane blant anna har hatt opplæring i filetering av fisk.

Elevane valte rosene på mjølkekartongen som tema. Dei har fått god hjelp frå lokalt næringsliv i førebuingane.

– Ein del av oppgåva under konkurransen var å lage eit showbord. Til dette har elevane fått lånt glas og effektar, trykt opp tøyserviettar, fått hjelp til dekorering av bord og fått opplæring i gjestebehandling. Alt dette frå lokale aktørar i Vågsøy, forklarar Vonheim.

Tema for konkurransen var at Tine Matcup feira ti år og at landbruksministeren skulle kome til bordet. Elevane valte å bruke rosene på mjølkekartongen som tema for si bordoppdekking.