– Det er ikkje berre viktig å bli sett, men også å sjå, seier politibetent Jan Arild Nervik hjå Vågsøy lensmannskontor.

I dag gjennomførte politiet ein trafikkontroll på Raudeberg. 40 bilistar vart kontrollerte, og ein bilførar hadde ifølge politiet ikkje skrapa bilen sin god nok. Personen kan ifølge Nervik vente seg ei bot for dette.

– Det er viktig at folk sjekkar bilens tekninske tilstand med tanke på lys og liknande, slik at ein blir sett. Men det er også viktig at folk skrapar godt nok. Etter køyretøysforskrifta skal ein ha god sikt både framover og til sidene, forklarar Nervik.