– Vi vil auke utskiftingstakta på utstyret. Og vi vil bruke meir ressursar på oppfølging av kundane. Vi har også planar om å opprette ei reiseavdeling slik at vi kan konkurrere om oppdrag utanfor Bremanger kommune, seier Napsholm.

I november kjøpte Napsholm seg opp til å bli 100 prosent eigar gjennom selskapet JIN Invest. Dagens eigar fortel at han starta i verksemda som handlangar i 1996. Då heitte selskapet Brødrene Mundal. Det vart starta i 1979 av brørne Kjell og Arild Mundal. I 1999 kjøpte selskapet opp Nordal Maskinstasjon.

Napsholm kjøpte seg inn i selskapet i 2006 då han overtok aksjeposten på 34,7 prosent frå Arild Mundal.

Andreas Fanøy i Maskinen3prenør1 (t.h.) og Tor Erik Nigardsøy i rørleggarverksemda R. Nigardsøy.

I 2014 skifta verksemda namn til Maskinen3prenør1. Og no har Napsholm løyst ut dei andre aksjonærane Tor Olav Halse, Rune Nordal, Jarle Nordal og Siv Mundal.

Men Napsholm seier han ikkje har tenkt å sitje som eineeigar lenge, for allereie før jul vil dagleg leiar Runar Rise Hallset kjøpe 50 prosent.

– Å dele eit selskap 50-50 er vel det dårlegaste trikset i aksjelova. Men det er ingen løyndom at verksemda har drive med minustal dei siste tre åra. Vi er nøydde til å vere heilt samkøyrde. Eg og Jon Ivar har god kjemi og har kjent kvarandre i alle år. Vi er heilt samde i vegen vidare.

MÅlsettingt om trygg drift

Eit nytt styre med tidlegare Sp-ordførar Karl Vidar Førde som styreleiar er også på plass.

- Målsettinga vår er trygg drift slik at vi sikrar arbeidsplassar, seier Hallset.

Dei nye eigarane vil blåse liv i planar om bustadområde på Langeneset i Svelgen.

Selskapet har i dag omkring 20 tilsette. For tida har dei oppdrag for Steinvik fiskefarm med røyrgata frå Risevatnet til sjøen der det skal bli smoltanlegg. Dette er ei kontrakt som ifølgje Napsholm har ein verdi på 18 millionar kroner.

Dei fornyar også det kommunale vatn- og avløpsnettet i Svelgen sentrum, og dei har også eit oppdrag for kommunen med sikring av ei elv på Dyrstad. I Kalvåg byggjer dei rasvoll ovanfor skulen, og gjer grunnarbeid for den nye gymsalen.

Skal ha nyare maskiner

Ein av tinga dei nye leiarane vil ta tak i er å gjere drifta av selskapet meir effektiv.

Selskapet driftar gjenbruksstasjonane i Svelgen og Smørhamn for Nomil. Og dei har kontraktar på snøbrøyting. Til drifta har dei ein maskinpark med tre lastebilar, fire hjullastarar og sju gravemaskiner.

Dei to leiarane seier dei må auke utskiftingstakta på maskinparken gjennom leasing.

– Den ideelle utskiftingstakta er fem til sju år. Blir maskinene eldre, blir det oftare stans. Maskiner som blir ståande kostar. Vi må bli meir effektive.

Eit stort prosjekt for selskapet for tida er røyrleidninga frå Risevatnet til sjøen der Steinvik fiskefarm skal byggje anlegg. Rune Nordal (t.v.), ein av tidlegare eigarar, forset som maskinførar.

Noko anna dei to vil blåse liv i no når dei tek styringa i Maskinen3prenør1 er eit tomteområde på Langeneset vest for Svelgen sentrum.

– Det er eit tomteområde som verksemda har eigd lenge. Opphavleg vart det kjøpt av aktørar frå ulike bransjar med tanke på eigedomsutvikling. Men no sit vi som eigarar åleine gjennom selskapet Nordgulen AS. Det finst knapt ei einaste bustadtomt her i området. I dette området på Langeneset er det om lag 30 bustadtomtar. Dette er noko vi no vil ta tak i.

Småbarnsfedre

Medan Runar Rise Hallset har fem born med base i Førde, har Jon Ivar Napsholm to døtre på 1 og 3.

– Eg prøvar å ta foreldrepermisjon no, seier han der han går med Olivia (1) på armen medan han viser oss rundt i verksemda med administrasjon i Meisebakken 1 utanfor Svelgen sentrum.

Å drive gravemaskinfirma kan kanskje sjåast som noko typisk maskulint, men Napsholm og Hallset er også småbarnsfedre. Her hjelper dei kvarandre med pass av vesle Olivia på 1 år.

Hallset er til liks med Napsholm vaksen opp i Svelgen. Han byrja i verksemda som 16-åring, men har vore ute og teke utdanning og hatt arbeid i verksemder som Statnett og Åsen & Øvrelid. For eitt år sidan kom han tilbake som dagleg leiar i Maskinen3prenør1.

– Vi bur i Førde. Eg jobbar her og overnattar eit par dagar i veka heime hjå foreldra mine. Det går i hop, men det er hektisk. Både eg og Jon Ivar går «all in». Det er stort sett arbeid 24 timar i døgnet sju dagar i veka. Det er ein livsstil, seier han.

Napsholm seier ein grunn til at han let Hallset kjøpe seg inn 50 prosent, er at han vil sikre seg at verksemda har ei langsiktig løysing på plass med ein administrativ leiar han stolar på.

– Sjølv er eg heilt tydeleg på at det eg kan best er å vere ute på anlegga.