Verken ministeren eller Stortinget kjem altså til å tvinge Bremanger inn i noko kommunesamanslåing. I alle fall ikkje i denne stortingsperioden. Det er Firdaposten som melder saka.

Avisa har vore i kontakt med både Kommunal- og regionaldepartementet og med stortingsrepresentant Frida Melvær (H). Begge stadfestar at Bremanger ikkje vil bli tvungen inn i Kinn kommune.

- Stortinget vedtok 7.desember at alle kommunesammenslåingar i inneverende stortingsperiode skal vere basert på frivillegheit.  Stortingets fleirtal påpeikar også at arbeidet med kommunereforma skal halde fram, for å sikre gode velferdstenester og god samfunnsutvikling i åra framover, skriv departementet i eit administrativt svar til Firdaposten.

Departementet meiner kommunane sjølve bør finne ei løysing som tener regionen og innbyggarane best.

Stortingsrepresentant og høgrepolitikar Frida Melvær stadfestarogså at det ikkje vil bli brukt tvang i denne stortingsperioden.

– Det er ikkje grunnlag for noko tvangssamanslåing av Bremanger. Frå Høgre si side vil det ikkje bli tatt noko initiativ til bruk av tvang i denne stortingsperioden, slår ho fast overfor Firdaposten.