I dag behnadla kommunestyrepolitikarane i Eid budsjettet for 2018 og økonomiplan 2018-2021. I rådmannen sitt framlegg til budsjett for 2018 i Eid låg det inne ei auke i eigedomsskatten til 4 promille. Dette er ei auke frå dagens sats som er 3 promille.

Dette ville ingen av politikarane vere med på, og i endringsframlegga frå Arild Nøstdal (V) på vegne av Venstre, Høgre, Framstegspartiet og Kristleg Folkeparti og frå Alf Reidar Myrstad (Sp) på vegne av Senterpartiet, Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart eigedomsskatten sett til 3 promille.

– Eigedomsskatten råkar sterkt ei gruppe eldre som sit med store og til dels gamle hus. Hus som også har relativt høge oppvarmingskostnadar og vedlikehaldsutgifter. Dette er husstandar med gjerne ein eller to personar. Ein stor del av denne gruppa er pensjonistar med den årlege pensjonen som einaste inntekt. Ytterlegare auke i skatt og avgifter vil difor råke desse på ein sosialt uheldig måte, skreiv pensjonislaget i eit brev til kommunepolitikarane.

Eigedomsskatten vart vedteken sett til 3 promille.