– Det heile er litt uverkeleg. Eg føler berre at eg har gjort det eg skulle gjere. Men eg er veldig positivt overraska over at eg vann, seier Nørve til fjt.no.

Årets kommuneprofil vann i konkurranse med Anne Marie Eliassen som har leia eit prosjekt med å digitalisere saks- og arkivsystemet i seks grenlandskommunar. Det er lesarane som kårar vinnaren, og rådmann Nørve fekk flest stemmer av dei to, skriver Kommunal Rapport.

I nominasjonen, som vart sendt inn av Vanylven-ordførar Lena Landsverk Sande (V) på vegner av dei folkevalde i kommunen, vart Nørve sitt arbeid med fiber til innbyggjarane trekt fram.

Dette blir også peika på av Kommunal Rapport: «Nørve er en pådriver for digitalisering i sin kommune, og i distriktet. Fibernett til alle i en kommunene med under 3.200 innbyggere fordelt på 14 småsteder er ett av målene han jobber med. Han bidrar med god informasjon og til og med egen info-avis til ansatte som han i stor grad skriver selv.»

Lesarane har kome med forslag til kandidatar, og ein jury har valt ut to finalistar i kvar kategori. Deretter har lesarane stemt på sin favoritt.