– Vi krev at styret no tek omsyn til uttalane frå kommunestyra i Eid og Lærdal 14.12.17. Tilliten til helseforetaket er allereie tynnslitt. Då fødeavdelingane vart nedlagde framheva Helse Førde at gynekologitilbodet i Eid og Lærdal skulle vere eit kompenserande tiltak, og no ikkje lenge etter blir desse føreslegne nedlagde, skriv dei i eit ope brev til Helse Førde.

– Det må snarast lysast ut og tilsetjast i gynekolog stillinga som blir ledig til sommaren. Vi fryktar at fleire og fleire tilbod forsvinn frå lokalsjukehusa med bakgrunn i at det er forsvarleg så lenge vi har tilbod i Førde. Dette stemmer dårleg med å ha pasienten i fokus.