– Statistikk viser at det er flest kvinner som tar høgare utdanning. Skal vi ha damer i distrikta er det viktig at ein kan tilby dei ein arbeidsplass der dei får brukt utdanninga si og blir utfordra, seier Leni Lisæter.

Ho er seksjonssjef på forvaltning hos Fiskeridirektoratet, som har regionkontor i Måløy. Fiskeridirektoratet i Måløy er ein av dei få attverande statlege arbeidsplassane i Vågsøy.

Lisæter har leiaransvar for tolv tilsette, som er ute på tilsyn på oppdrettsanlegg i Hordaland og Sogn og Fjordane, i tillegg til fem tilsette som har fagfeltet kystsoneplanlegging. På denne avdelinga jobbar ein med uttalar i forhold til planlegging av aktivitetar ved sjøen.

Les meir om «Likestilt» her.

Leitar etter høgare kompetanse

Statistikken Lisæter viser til kjem frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Ifølge byrået var det innanfor alle nivå av høgare utdanning studieåret 2015/16 flest kvinner som fullførte. SSB skriv at seks av ti høgare utdanningar blir fullført av kvinner.

– I dag har vi ei lett blanding av utdanningar på kontoret i Måløy og i Bergen. Men vi leiter stadig etter fleire med høg utdanning, og det er ofte damer som har desse utdanningane, forklarar Lisæter.

– Dette er ein arbeidsplass med gode ordningar, spesielt om ein har små ungar. Her har ein velferdspermisjon og det plar ordne seg med avspasering og fleksitid. Det er eit gode i dagens samfunn, og det trur eg betyr veldig mykje for damene. Ein får ikkje den høgste utteljinga økonomisk, men det er sikkert, seier seksjonssjefen.

Sjølv pendlar ho dagleg frå Kalvåg i Bremanger til Måløy for å kunne bruke utdanninga si, som er ein master i samfunnsplanlegging. I tillegg har ho Cand.mag. i økonomi og administrasjon frå Universitetet i Bergen og administrasjon og leiing frå Fiskeri- teknisk i Ålesund.

Lisæter har arbeidd i ti år som avdelingsleiar på pelagisk produksjon i Domstein-konsernet, som inspektør på ressurskontroll med fagområde utbytte og omsetting, og som rådgjevar på tilsyn.

Treng utfordrande jobbar

Førsteinspektør Kari Silden Tytingvåg i Fiskeridirektoratet hadde 18 år med fartstid i Tollvesenet bak seg før ho byrja i direktoratet.

Silden Tytingvåg jobbar med ressurskontroll ved Kontrollseksjonen i region vest i Fiskeridirektoratet. Arbeidsoppgåvene består av kontroll- og kontrollplanlegging, samarbeid med andre etatar, som Tollvesenet, Skatteetaten og Kystvakta, samt internasjonalt samarbeid.

Ho kjem frå 14 år som leiar i Tollvesenet med kontrollansvar for Sogn og Fjordane. Silden Tytingvåg er utdanna innan økonomi, leiing, internasjonal marknadsføring, som er retta mot fiskerinæringa, i tillegg til to og eit halvt år med etatsutdanning i Tollvesenet.

– Det er viktig at folk som sit på kompetanse i distrikta også får ein jobb som utfordrar dei, meiner ho.

– Sunt med kvinner og menn

11 av dei 23 som har sin arbeidsplass på Fiskeridirektoratet i Måløy er kvinner.

Per i dag har ein i region vest blant anna juristar, fiskerikandidatar frå Tromsø (master), samfunnsplanleggarar (master) og dei med master i marinbiologi på kontoret.

– I dei siste utlysingane vi har hatt har vi søkt etter folk med utdanning på masternivå. Vi har eit komplisert regelverk, og folk blir stadig meir spissa på fagområda sine, seier seksjonssjefen.

– Her har vi tilsette frå Vågsøy, Selje, Bremanger og Eid, smiler Lisæter, som trur framtida til Fiskeridirektoratet i Måløy er trygg.

– Eg trur vi er ganske sikre her. Så lenge ein fysisk må ut i felten for å ha tilsyn med akvakulturnæringa og kontroll med landing av kvitfisk og pelagiske fiskeartar, så trur eg framtida ser lys ut. Vi som jobbar her trivast godt. Det er eit triveleg miljø med stadig nye utfordrande arbeidsoppgåver og gode utvik-lingsmoglegheiter. Det er aldri ein kjedeleg dag.