– I saka om kommunereform forsøkte ein å få til ei samarbeid mellom fem kommunar på søre-Sunnmøre, men det var ikkje alle som ville det. I rapporten frå Fylkesmannen heitte det at Vanylven kunne bestå slik som i dag, men at ein måtte søke samarbeid på enkelte fagområde. Vi ser på det som heilt naudsynt å kome til eit forpliktande samarbeid, seier Nørve, og utdjupar:

– Om ein ser på planavdelinga til Vanylven kommune så er der ingen tilsette. Der har Herøy ei stor planavdeling og ressursar som vi kan nytte oss av.

Ser føre seg gevinstar

Vanylven-rådmannen seier det er tre grunnar til at ein ønskjer å få til eit samarbeid.

Vidare trur Nørve ein kan få ein effektiviseringsgevinst.

– Målet er at vi skal spare pengar og årsverk, og at vi skal fordele funksjonar på same måte som ved ei samanslåing. Men det er viktig å understreke at sparing knytt til årsverk vil skje ved naturleg avgang.

Det tredje punktet rådmannen trekk fram som ei mogleg positiv følge av samarbeidet er overføring av oppgåver frå fylkesnivået. Prosjektet skal gå over to år.

Budsjetterer med overskot

Måndag behandla kommunestyret i Vanylven økonomiplan for 2018–2021 med budsjett for 2018. Rådmannen fortel at kommuneøkonomien er god.

Ordførar Lena Landsverk Sande (V) gler seg over at kommunen har pengar til å betre tilboda i kommunen.

– Vi får no utvida opningstider i bassenget og vi har bedt om å få greidd ut ei sak om skulefrukt til elevane. I tillegg jobbar vi med etablering av frivilligsentral. Håpet er at den skal vere klar i løpet av neste år.

Rådmannen understrekar at god økonomi også er bra for samarbeidet ein skal forsøke å få til med Herøy kommune.

– Om ein ser på budsjettet for 2018, så er dette det første året vi har budsjettert med eit overskot. Dette er på om lag 4 millionar kroner, seier Nørve.

Trur på prosjektet

Herøy og Vanylven kommunar skal framleis halde fram som sjølvstendige kommunar, men ønskjer å vere det som Nørve omtalar som ei kommuneblokk. Denne løysinga meiner kommuneekspert Geir Vinsand i NIVI Analyse, som skal følge prosjektet, er nyskapande.

Han meiner dette kan vere eit reelt alternativ til samanslåing av dei to kommunane.

– Forpliktande samarbeid kan vere både eit steg på vegen til samanslåing, og ei langsiktig, alternativ løysning. I våre analysar snakkar vi om ein mogleg overgang til to-spors kommunereform, der kommunane som eit minimum må organisere eit sterkare samarbeid i ei fast kommuneblokk om definerte oppgåver, som alternativ til samanslutning, seier Vinsand.