Grunnen til nedlegginga er at Helse Førde mister ein overlege i gynekologi i 2018, og at det ikkje finst planar om å erstatte vedkommande ut budsjettåret. Dette skriv NRK.

Ordførarane Alfred Bjørlo (V) i Eid og Jan Geir Solheim (Sp) i Lærdal peiker i ei uttale på at då fødeavdelingane ved Nordfjord og Lærdal sjukehus vart nedlagt, var gynekologisk poliklinikk noko av det Helse Førde framheva skulle vere eit kompenserande tiltak for kvinnene i Sogn og Nordfjord.

– Vi krev at Helse Førde straks set i gang rekruttering av legekapasitet for å kunne halde oppe den gynekologiske poliklinikk-aktiviteten i Eid og Lærdal. Eit minstekrav må vere at styret slår fast at aktiviteten skal vere på plass igjen frå 1.1.2019, heiter det i ei uttale frå kommunestyra i Eid og Lærdal.