Nedlegginga er ein del av strukturendringa av Vest politidistrikt som følgje av nærpolitireformen.

– For Selje kommune, som i framtida slår seg saman med Eid kommune, er det Hanne Heggen som frå 1. januar 2018 blir den førebelse politikontakten. Hanne Heggen er politikontakt i Eid og er kome godt i gang med arbeidet. Den viktigaste jobben til politikontakten førebyggande arbeid, heiter det i ei pressemelding.

Selje lensmannskontor har ei lang historie. Sidan 1. juli 2017 har Tormod Hvattum vore konstituert lensmann her. Dei siste åra har kontoret vore bemanna med lensmann, politiførstebetjent og ein sivilt tilsett.

– Politikontakten er ein viktig rolle i dei nye politidistrikta. Personen som har denne rolla er tenesteeininga sitt kontaktledd med kommunane og rådgivar innan førebygging av kriminalitet. Politikontakten skal følgje opp at politiet har nødvendig kontakt med kommunane som høyrer til  tenesteininga, heiter det i pressemeldinga.

– Sjølv om Selje kommune ikkje lenger har lensmannskontor, er det viktig å presisere at den nye ordninga ikkje vil påverke beredskapen. Nordfjord lensmannsdistrikt har hatt felles vakt og beredskap sidan 2002. Det betyr at alle ordensoppdrag som gjeld Selje, Vågsøy, Vanylven, Stryn og Hornindal og Eid vert handtert av lensmannsdistriktet.