- Vi sel med tungt hjarte, men vi er leie av drive fiskeri i motbakke med dagens kortsiktige  fiskeripolitikk.  Det er så usikkert kva som kan skje i framtida, at vi ikkje orkar å vere med lenger, seier eigarane.

11 fiskarar i Kalvåg og Bremanger mister jobben som følge av denne avgjerda.

Det er den langvarige rettsaka for å få tilbake torskekvotar som staten tok frå dei, som no set sine spor. Reiarlaget vann rettsaka. Dei hadde planar om å utvide, og det var skrive kontrakt på ny sjark til 10 millionar kroner.  Men no vel eigarane å kaste korta, og selje båtar og kvotar for mellom 250 og 300 millionar kroner.

Reialaget Frøybas gjekk til rettsak mot staten etter at Fiskeridirektoratet drog inn tre torskekvotar verdt 23 millionar kroner, ei hovudkvote og to strukturkvoter. Dei vann ein halv siger i tingretten, og anka til lagmannsretten, som gav Frøybas medhald på alle punkt. Fiskeridirektoratet meinte dommen var feil, og saka vart anka. Men Høgsterett sa nei til å ta den, og dermed er det dommen frå lagmannsretten som blir ståande.

I motbakke

Frøybas meiner dei har hatt ca. 40 millionar kroner i fisketap dei åra  torskekvotane var inndregne, og krev erstatning for det. Men staten nektar å betale, difor har Frøybas gått til rettsak for å få erstatning for  tapt fiske. Den saka kjem ikkje for retten før ut i 2019.

- Vi er fem eigarar, og heldigvis er vi alle samde om å selge. Vi er leie av å drive så mykje i motbakkar, med ei langvarig rettsak om torskekvoter, trenering frå Fiskeridirektoratet sentralt, og ein fiskeripolitikk som blir endra heile tida. Vi er ikkje interesserte i å drive bedrift på eit så usikkert grunnlag, seier to av eigarane, Ronny Larsen og Paul Stian Igland.

Ronny Larsen er dagleg leiar og styreleiar i Frøybas AS, og Paul Stian Igland er skipper på båten med same namn som reiarlaget.

I 2016 hadde reiarlaget driftsinntekter på 35,9 millionar kroner, og eit resultat før skatt på 7,3 millionar. 2017 ser også ut til å bli eit godt år, så økonomi er ikkje grunnen til salet.

Ein skikkeleg smell

- Vi heldt på med den saka i 7-8 år. Den sleit veldig på motivasjonen, lysta og interessa for å drive med fiske, og den kosta oss mykje energi, tid og pengar. Og då vi endeleg vann rettsaka, så seier staten at vi ikkje har rett på erstatning på det vi har tapt på fiskeri i desse åra! Det var ein skikkeleg smell å få på toppen av alt det andre vi måtte slite med. Den var hard å ta, seier Paul Stian Igland.

Dei reagerer på korleis vi fiskarar blir behandla av det offentlege.

– Fiskeridirektoratet sentralt har vore veldige vanskelege og gammaldagse i si tilnærming til saka. Vi er nesten rettslause. I praksis deler byråkratane ut straffa før rettsaka ved å ta frå oss fiskerettane som vi har lånt pengar i banken for å greie å betale, seier Ronny Larsen.

11 mistar jobben

Sjølv om alle dei fem eigarane var samde om å selge reiarlaget, så sat det langt inne.

- Det var inga enkel avgjerd. Men vil har følt på det lenge, at vi ikkje ville drive med dette lenger. Og då vi fekk eit tilbod, og prisen var rett, var saka avgjort. Den største bismaken med heile salet, er alle dei som no mistar jobben. Dei er dyktige fiskarar som har gått godt i hop, og det har vore ein eineståande god arbeidsplass i eit flott yrke. Dei vil nok få seg nye jobbar innan fiskeri etter kvart, og dei vil bli buande i Kalvåg og Bremanger, men likevel er dette vemodig.

- Eg vil fortsette på sjøen. Eg er født fiskar, det finst ikkje finare yrke. Men no vil eg vere vanleg tilsett, seier Igland.

Reiser på tirsdag

Ronny Larsen eig saman med Odd Tore Frøyen båten Frøysund, og han skal drive den vidare. Frøysund er utstyrt med to ROV-ar, og kan mellom anna brukast til å vaske oppdrettsmerdar.

- Det skal bli godt å ha berre ein jobb no. Det kan vel hende det blir noko som har med havet å gjere etter kvart, vi får sjå, seier Larsen.

Alt tirsdag 19. desember blir Frøybas overlevert til nye eigarar på Byrkensøy i Gulen.

– Det blir skikkeleg vemodig å sjå Frøybas dra frå Kalvåg. Det er ein god båt som har tent oss godt, seier Ronny Larsen og Paul Stian Igland.

Den andre båten, Frøyhav, er selt til Smøla. Den blir overlevert på nyåret.

Frøybas AS har også kontrahert ein sjark til 10 millionar kroner for levering i 2019. Den er ikkje med i salet, truleg blir den overteke av ein av eigarane, Eivind Olav Larsen.

Fakta:

Det er fem eigarar i Frøybas AS:

Ronny Larsen 37 prosent, Eivind Olav Larsen 37 prosent, Roy Inge Larsen 12,08 prosent, Paul Stian Igland 7,95 prosent og John Roar Grotle 5,97 prosent.