– Det er blitt mykje større enn eg såg for meg. Vi har utvikla oss heile tida etter behov. Vi innsåg til dømes raskt at det ikkje heldt å berre servere vaflar. Når folk kjem og er i tre-fire timar, vert dei svoltne. Då må vi tilby dei mat. Vi har hatt bratt vekst i besøkstal og læringskurve, konstaterer Aina Moldskred Krakset, gründer av Hakallegarden.

No i vinter er det ni år sida dei opna, etter to år med prøvedrift der dei hadde open gard for å teste ut om dette var noko dei ville satse på.

Det var det. Ni år og ein barne-TV-serie seinare er her kafé, butikk, nybygd grindelade med plass til store selskap, lavvoar der ein til dømes kan arrangere blåtur – og ikkje minst dyr av mange slags artar.

– Det er noko vi også har sett fungerer. Vi må ha få dyr av mange artar.

16 ulike dyreartar

I dag har Hakallegarden 16 ulike dyreartar, og innan kvar art er det også ulikskapar. Om våren er her oppe i 100 dyr. Noko Aina av og til må forklare tilreisande er at dette er ein realistisk gard, ikkje ein opplevingspark. Her blir dyr sende til slakt og kjem att som pølser som blir selde i butikken på garden.

Når vi er på vitjing, spør ho om det er greitt at vi pratar medan ho jobbar. Ho kuttar opp brød og går rundt til dyra og fôrar samstundes som ho fortel om korleis det er å vere kvinneleg gründer på ein stad det langt frå er sjølvsagt.

Det er tydeleg at Aina er god ven med dyra, for dei vrimlar rundt henne og kjem for å kose.

– Det vi såg før vi byrja var at born ikkje er i kontakt med dyr lenger. Vi ynskte å gje dei høve til det. Det er også kjekt å sjå at det fungerer så godt at dyra får gå fritt. Det hadde vi ein klar filosofi om, men trudde at vi måtte setje nokre grenser. Men der ser vi at det fungerer betre til friare dyra er. Vi er nøye på å velje ut dyr etter lynne, elles vil det ikkje gå. Av og til opplever du at geitekillingen kjem og knabbar vafla di. Men det tek folk med godt humør, og vi tilbyd dei ei ny vafle.

– Eg var på hytta ein sommar og vart verande.

Har investert mykje

Olav hadde skotsk høglandsfe og sauer, samstundes som han pendla til Måløy der han dreiv apotek. No er Olav frilans farmasøyt og tek oppdrag for apotek rundt i distriktet.

Det er Aina som har den daglege handa om garden.

Ho fortel at hovudinntektene kjem frå billettsal og sal av mat. Noko gullgruve økonomisk seier ho at det ikkje er.

– Nei, vi er avhengig av at ein av oss har arbeid ved sidan av. Det er store utgifter knytt til dyrehaldet, og ikkje minst har vi investert mykje.