Dermed blei kvardagen snudd på hovudet for den arbeidsledige Britt Dalsbotten som har vore ei av dei fremste Frp-stemmene i Sogn og Fjordane. No er ho å finne som politisk rådgjevar i Nærings- og fiskeridepartementet i Oslo.

Dalsbotten har vore aktiv i valkampen i år. Der blei engasjementet hennar rundt næringspolitikken lagt merke til.

– Eg har blitt kåra til næringspolitisk «guru» av NHO i Sogn og Fjordane, seier Dalsbotten med eit smil over ein kaffikopp i ein elles travel kvardag i hovudstaden.

Det er ikkje mange vekene sidan ho pakka og reiste frå Førde der ho har hatt adresse dei siste ti åra. Jobben som finansiell rådgjevar for Sparebanken Vest tok slutt då dei nedbemanna tidlegare i vår. Sidan den gongen har det vore valkamp og fullt fokus på Frp. Så ringde altså telefonen.

– Eg fekk ikkje plass som stortingsrepresentant, men eg visste jo då at noko anna kunne opne seg, fortel ho.

– Berre nokre dagar i førevegen hadde eg sendt brev til departementet med omsyn til taretrålinga i Bremanger. Då statsråd Sandberg ringde seint ein kveld, var eg heilt sikker på at det var det han ville snakke om, fortel ho.

Men då var nestleiaren i partiet på jakt etter ny politisk rådgjevar.

– Det gjekk litt tid, og så fekk eg til slutt beskjed om at eg var endeleg vald, fortel ho.

Storbyen

Det blei litt omstilling for 36-åringen som til no har hatt adresse heime i Bremanger og i Førde.

– Eg har budd tre år i Bergen gjennom skulegongen, men elles har eg budd i Sogn og Fjordane heile livet. Men eg var klar for å kome meg til Oslo, og det har vore utruleg spennande å kome hit. Læringskurva har vel vore omtrent loddrett, fortel ho.

– Det gjekk fint sjølv om det blei hektisk. Men departementet har ordna meg plass å bu i sentrum, og no har eg det som plomma i egget. Eg blir teke veldig godt vare på her, seier ho.

Lite politikk heime

Britt Dalsbotten kjem frå Bremanger og ein familie med fleire sysken, men verken foreldregenerasjonen eller syskena har det same politiske engasjementet som Britt.

– Når eg er heime vil eg alltid sjå nyheitene, og gjerne i fleire kanalar for å kanskje få med meg fleire vinklingar av same sak. Det er ikkje syskena mine så interesserte i, så dei berre ler av meg, fortel Britt.

Når det gjeld politikken frå heimfylket, vil ho sjølvsagt følgje den vidare.

– No får eg jo fleire sider av same sak. Både frå fiskarane, departementet og frå taretrålerfirmaet FMC i Haugesund som ville ha meg på besøk etter mitt utspel i FjT. Det med taretrålinga er jo ei sak eg framleis engasjerer meg sterkt i, fortel ho.

Og når ho kjem heim til jul har ho bak seg ein krevjande haust med mykje læring.

– Det skal bli godt med ferie, men eg må nok likevel sjå nyheitene på både NRK og TV2, innrømmer Britt Dalsbotten.

Engasjement

Engasjementet har alltid vore til stades for Britt Dalsbotten.

– Ein engasjert person har eg alltid vore. Eg var elevrådsformann på ungdomsskulen i Bremanger, og har aldri vore redd for å seie meininga mi, seier ho.

Engasjementet har ført at ho har vore tillitsvald på fleire arenaer, mellom anna Røde Kors, lokallag i Frp og som regionstillittsvald i Finansforbundet. Ho har også vore ordførarkandidat.

– Eg er eit ja-menneske som aldri har heilt klart å seie nei. I alle fall ikkje når det har vore noko eg har engasjert meg i. Når eg ikkje har noko i kalenderen blir eg fort rastlaus, seier ho.

At ho valde Frp som sitt politiske parti går mykje på at ho opplever partiet som veldig tydeleg.

– Det er enkelt og tydeleg. Eg hadde stor respekt for Carl I. Hagen då eg starta å engasjere meg i politikken i tenåra. Han var alltid rett på sak og verka veldig fornuftig, seier ho.

No har ho kome langt oppover i strukturen til partiet ho har følgt dei siste 20 åra.

– Det var spesielt den dagen eg hamna mellom fire statsrådar rundt lunsjbordet, det må eg nå berre seie, seier rådgjevaren med eit smil.

LIKESTILT

Reportasjeserie som blei starta i Fjordenes Tidende i mars. Den vil bli ført vidare med fleire reportasjar og nyheitssaker framover. Prosjektet har som mål å gi eit bilde av kvinner sin kvardag i 2017, samt å få fleire kvinnelege kjelder i avisa.