IKT-fag, særleg dei mest tekniske og programmeringsretta, er sterkt mannsdominert i Norge, og er meir dominert av menn enn i andre land ein kan samanlikne seg med. Derfor er det viktig å få auka interesse for teknologifag blant jentene.

–Vi veit at det ikkje skjer av seg sjølve å inkludere jenter i desse faga, og vi må gjere noko for å få fleire av dei med, seier Hilde G. Corneliussen ved Vestlandsforsking som har forska på temaet i tjue år.

– Tala har faktisk ikkje forbetra seg sidan 80-talet, til forskjell frå andre fag der gutar og menn har vore i fleirtal.

IKT-kompetanse er heilt sentralt for den oppveksande generasjonen si deltaking i samfunnet som vert meir og meir digital. Programmering vart frå 2016 tilgjengeleg som valfag i skulen, men det har vore lite fokus på å inkludere jentene i faget. Det vil miljøet på Eid og Vestlandsforsking gjere noko med. Prosjektet har fått namnet STILIG (Samarbeidsmodell for trinnbasert inkluderande læringsmiljø i IKT i grunnskulen), og vil ha som mål å inkludere alle elevgrupper i IKT og programmering.

I forprosjektet som starta i haust, vil samarbeidspartnarane invitere regionalt næringsliv, IKT-ekspertar, lærarar og elevar frå vidaregåande skule og ungdomsskule med på laget, for å utforske korleis dei kan bidra.

Erfaringane som vert hausta i forprosjektet skal nyttast til å rigge eit større forskingsprosjekt for 2018 – 2021. I hovudprosjektet er planen å designe, etablere og prøve ut ein modell for inkluderande IKT-undervisning i grunnskulen ved hjelp av regionale ressursar som omfattar vidaregåande skular, pedagogar, næringsliv, IKT-ekspertar, foreldre og FoU-miljø.

– Visjonen er at Sogn og Fjordane vert ein spydspiss i arbeidet med å gjere programmering til eit fag der alle elevgrupper, også jentene, blir inkludert.

– Det er ei styrke for dette prosjektet at Hovudutvalet for opplæring nyleg har vedteke at Eid vidaregåande allereie frå hausten 2018 kan starta opp ei teknologiklasse for Vg1 på studiespesialiserande, i tillegg til at Utdanningsdirektoratet har gitt skulen løyve til å prøve ut forsøkslæreplanen til det nye programfaget for studiespesialiserande kalla «Programmering og modellering X», seier rektor ved Eid vgs. Ove Bjørlo.