Kredittkortsvindelen det er snakk om har skjedd i jule- og nyttårshelga.

Lensmannskontora på Eid og i Stryn har denne veka etterforska saka og hatt ungdomane inn til avhøyr. Lensmann Tormod Hvattum i Eid og Selje seier til Fjordenes Tidende at han reknar med saka er ferdig etterforska og løyst i løpet av veka.

Lensmannen seier ei gruppe på tre-fire etterforskarar har jobba med å løyse saka.

Svindla for fleire titusen kroner

– Dette er forhold som har skjedd i jule- og nyttårshelga. Vi oppdaga det rett før nyttårsaftan. Politiets etterforsking har klarlagt at ei gruppe på tre-fire tenåringar i 16-17-årsalderen har skaffa seg opplysningar om norske kredittkort gjennom ein russisk nettstad. Desse opplysningane har dei brukt til kjøp av data- og elektronikkutstyr gjennom nettet, varer dei også har motteke, stadfestar Hvattum.

Han vil ikkje gå inn på kva summar det er svindla for.

– Men det er snakk om fleire titusen kroner.

Jakt etter spenning

Midt i veka hadde politiet hatt to av ungdomane inne til avhøyr. Alle er gutar.

– Dei har erkjent forholda. Dei er prega av anger og skjønar i ettertid at dette var dumt gjort, seier Hvattum.

Han trur det er jakt etter spenning som har gjort at ungdomane har trakka over terskelen for nettkriminalitet.

På grunn av den låge alderen til gjerningspersonane har foreldra vore med på avhøyra. Hvattum seier ungdomane er over den kriminelle lågalder, og at saka difor går vidare til rettssystemet. Han vil ikkje spekulere i straffeutmålinga for denne type handling.

– Foreldre må følgje med

Eigarane av kredittkorta som er svindla er ikkje frå vårt område, det dreiar seg om kredittkort frå heile Norge.

– Det høyres ikkje bra ut med opplysningar om norske kredittkort tilgjengeleg på ein russisk nettstad. Er det noko de kan gjere for å stanse dette?

– Vi vil informere Kripos, så får dei ta saka vidare. Det er sjølvsagt komplisert sidan det er snakk om ein nettstad i Russland. Det vi kan gjere her er å gå ut med ei oppmoding til foreldre om å sjå etter kva ungdomar held på med på nettet. Og å stille spørsmål når det kjem dyre varer i posten. Alderen på dei involverte her viser kor viktig det er at foreldre følgjer med og stiller spørsmål ved kva ungdomen driv med.

– Er dette ei lokal sak eller mistenker ein forgreiningar til andre stader?

– Det er noko av det vi etterforskar. Det er klart at ein stad har dei fått opplysningar om denne russiske nettstaden frå. Dei sit gjerne på guterommet med Skype og finn ut av ting.