Søker førsteklassingar med og utan tastatur

Kva skjer med handskrifta til elevar som brukar nettbrett i den første lese- og skriveopplæringa? Dette skal Høgskulen i Volda undersøkje i eit nytt forskingsprosjekt, kalla DigiHand. Illustrasjonsfoto  Foto: Kari Midtgård Råsberg

Nyheter

Kva skjer med handskrifta til elevar som brukar nettbrett i den første lese- og skriveopplæringa? Dette skal Høgskulen i Volda undersøkje i eit nytt forskingsprosjekt, kalla DigiHand. No er forskarane på jakt etter skular på Vestlandet, og særskild Nord-Vestlandet, som kan delta i prosjektet.

I mange førsteklasser i Noreg har skulen innført nettbrett, og elevane lærer først å skrive på tastatur. Handskriftsopplæringa set dei i gang med i andre klasse. I andre skular er det framleis den tradisjonelle praksisen som gjeld, der elevane lærer å skrive for hand frå første skuledag.

No er forskarar ved Høgskulen i Volda på leit etter skular der den første skriveopplæringa skjer på tastatur – og skular som framleis held seg til blyanten. I forskingsprosjektet DigiHand skal dei nemleg undersøke skriftspråkspraksisar og kva som skjer med handskrifta til første- og andreklassingar som får opplæring i handskrift frå starten av, og handskrifta til dei elevane som først lærer å skrive på tastatur. Dei skal følge tjue klassar frå første til slutten av andre klasse.

DigiHand har fått midlar frå Norges Forskningsråd, og Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger er samarbeidspartnar.

Treng skular med nettbrett med og utan tastatur

– Vi ønskjer deltaking frå skular på Nord-Vestlandet/Vestlandet, som nyttar nynorsk som hovudmål og nettbrett i begynneropplæringa, anten med eller utan undervisning i handskrift frå første klasse, og med ein klassestorleik på minimum 10 elevar, seier førsteamanuensis Wenke Mork Rogne, som er prosjektleiar for DigiHand ved Høgskulen i Volda.

Dersom din skule passar til desse kriteria, kan du ta kontakt med prosjektleiar Wenke Mork Rogne eller forskingsleiar Siv Måseidvåg Gamlem.

Samanliknar handskriftsklasser og nettbrettklasser

Det er naturleg nok lite forsking på dette området, då nettbrett i begynneropplæringa er noko som er relativt nytt. Målet med prosjektet er derfor både å utforske eit nytt og aktuelt område, men også å bidra med meir kompetanse og kunnskap inn i lærarutdanninga og skulen innafor lese- og skriveopplæringa.

– Erfaringar frå klasserom tyder på at elevar uansett lærer å skrive for hand, med og utan tastatur. I dette prosjektet skal vi undersøkje tekstar for å sjå på korleis handskrifta utviklar seg. Vi ønskjer også å finne ut kva for undervisningspraksisar som kjenneteiknar dei to settingane, seier Rogne.