Maurstad seier til Fjordenes Tidende at ho ikkje trur der er noko alvorleg, men at ho må på sjukehus for utgreiing denne veka.

Ho utelukkar ikkje at stress kan vere utløysande årsak til plagene.

Maurstad håpar å vere tilbake i jobb så snart råd er.

Dermed er det varaordførar Nils Myklebust (Sp) som fungerer som ordførar i Vågsøy kommune denne veka.

Maurstad har fått råd av legen til å ta det heilt med ro, og det betyr at ho ikkje kjem til å delta på folkemøtet om Kinn kommune som skal vere i Parken Kulturhus på Raudeberg i morgon, tysdag.

– Eg hadde tenkt å gå, men har fått råd av legen til å ikkje gjere det, seier Maurstad.

Ho understrekar at møtet i morgon vil bli arrangert som planlagt.

– Det er ikkje Vågsøy kommune som er arrangør. Det er fellesnemnda for Vågsøy kommune og Flora kommune som arrangerer møtet. Dei andre medlemmene i fellesnemnda frå Vågsøy vil delta på møtet, seier Maurstad.