Vil vere i front med «grøn næringsutvikling»

Den 23. januar inviterer Nordfjordrådet til ein dagskonferanse med «grøn næringsutvikling» som tema.

Nordfjordrådet ønskjer å vere ein pådrivar for at regionen skal ha god kunnskap og ta del i mulegheiter som ligg i «det grøne skiftet». Arkivfoto: Sindre Blålid Kvalheim

Nyheter

– Nordfjordrådet har i sin strategi- og handlingsplan definert at vi vil vere ein pådrivar for at Nordfjordregionen skal ha god kunnskap og ta del i mulegheiter som ligg i «det grøne skifte», seier leiar i Nordfjordrådet Kristin Maurstad i ei pressemelding.


Tolv vil bli dagleg leiar i Nordfjordrådet

Etter utgongen av søknadsfristen har det meldt seg tolv søkjarar til stillinga som dagleg leiar for Nordfjordrådet. Fire av dei namngitte søkjarane er frå Nordfjord.

Nordfjordrådet ønskjer å vere ein aktør som legg til rette for kompetanseheving og samarbeid mellom kommune, FoU-miljø og bedrifter. Saman med verkemiddelapparatet og andre nøkkelpersonar, skal vi vere ein pådrivar for grøn og kunnskapsbasert næringsutvikling. I næringslivet er der fleire «grøne» initiativ innan transport, energieffektive bygg, fornybar energi, sirkulær økonomi og smartare produksjon.

Den 23. januar inviterer Nordfjordrådet til ein dagskonferanse med «grøn næringsutvikling» som tema. Her samlast regionalt næringslivet saman med verkemiddelapparatet og kommunane, der målet er å kome opp med forslag til satsingar som kan sette Nordfjordregionen i front med «grøn næringsutvikling».

Etter ein intro med oversikt over kva som føregår i regionen og kva som er forventa av oss frå sentralt hald sett frå Klima og miljødepartementet, vil det bli to parallell-sesjonar der deltakarane er aktive i å utveksle idear og innspel. Den eine sesjonen set fokus på korleis kommunane kan medverke gjennom innovative innkjøp. Den andre ser på regionen som «grøn» næringsutviklar og samfunnsutviklar.

– Dette er første samlinga Nordfjordrådet inviterer til med grøn næringsutvikling som tema. Vi håpar dette blir ein positiv og nyttig dagskonferanse, og at det slik sett blir den første av fleire liknande samlingar med kompetanseutvikling og nettverksbygging innan denne tematikken, seier Maurstad.