Har gått til innkjøp av lågutslepp bilar

Eid kommune har fått sine første tenestebilar med lågutslepp av miljøgifter. Målet er at alle 25 bilane skal vere miljøvenlege på sikt.

Eid kommune har fått sine første tenestebilar med lågutslepp av miljøgifter. Målet er at alle 25 bilane skal vere miljøvenlege på sikt. Arkivfoto 

Nyheter

Det melder Fjordabladet.

Ifølge avisa har Eid og Selje kommunar inngått eit samarbeid om leasing av kommunale bilar. Etter anbodsrunde fall valet på Toyota Nordfjord og Førde, og Berge & Co.

Dette er ei kontrakt på fire år, og førre veke vart to personbilar levert til Eid kommune.

– Vi må vurdere i kvart tilfelle om elbilen har den kapasiteten som er naudsynt for langkøyringa i heimetenesta. Per i dag trur vi at dette kan bli vanskeleg, men utviklinga går mot stadig betre elbilar, og innan få år vil vi nok også kunne nytte elbilar med nullutslepp innan heimetenesta, seier konsulent Ole Morten Erviksæter i økonomiavdelinga i Eid kommune til Fjordabladet.