– Det er veldig kjekt at klassequizen kjem hit. Eg trur ikkje eit lag frå ungdomsskulen her hat gått vidare tidlegare. Men vi har jo veldig lyst på ein tur til Oslo då. Det må jo vere målet, smiler Reedin.

– Vi har høyrt på nokre av sendingane, og på den eine fekk vi 11 av 12 rette, så vi tar det som eit godt teikn, sa elevane før innspelinga.

Eit samansveisa team

Draumekategoriane til 10. klassingane var geografi, musikk og norske sportsnamn. Men uansett korleis det gjekk ville elevane støtte kvarandre.

Dei tre elevane er velt ut ved loddtrekning. Alle elevane som ville vere med melde seg på, og deretter var det loddtrekning der ein skulle ha med ein elev frå A-, B- og C-klassa.

– Vi er med kvart år, men vi har ikkje lagt så veldig mykje i konkurranseelementet. Det er kjekt at elevane har moglegheit til å vere med, og så håpar eg vi lukkast. Det er flinke elevar som er med, sa teamleiar Audun Røland ved 10. trinnet på skulen.

Til slutt vart det åtte av tolv poeng for vågsøyelevane.

Tidlegare same dag var 10. klassingane Marie Løviknes, Håvard Frislid og John William Totland Haugen ved Eid ungdomsskule i aksjon. Også dei fekk åtte av tolv poeng.

Frå Eid ungdomsskule stilte 10. klassingane John William Totland Haugen (f.v.), Marie Løviknes og Håvard Frislid. Til slutt enda også dei på åtte av tolv poeng.

– Ein suksess

Klassequizen er ein landsomfattande konkurranse som blir arrangert av NRK for ungdomsskuleelevar i 10. klasse. Konkurransen vart for første gang arrangert i 2010–2011 av NRK Sørlandet Omreisande quizmaster Wilhelm Støylen i Sogn og Fjordane omtalar konseptet som ein suksess.

– Vi har hatt auke i talet påmelde skular kvart år. I år har vi ny rekord med 38 skular på programmet. Vi har jo eit ønske om å nå denne aldersgruppa, og eg har inntrykk av at elevane synest det er kjekt, stadfestar Støylen.

Han fortel om utfordrande oppgåver for elevane.

– Det er ikkje alltid at ein er flinkare enn ein 10. klassing.

Støylen skal også besøke Selje og Stadlandet måndag 26. februar og Svelgen og Davik måndag 5. mars.

Fylkesfinalen blir sendt direkte på NRK Sogn og Fjordane 15. mars.