Har tilsett ny dagleg leiar

Roger Aa Djupvik er tilsett som dagleg leiar i Nordfjordrådet.

Roger Aa Djupvik er tilsett som dagleg leiar i Nordfjordrådet. Arkivfoto: Sindre Blålid Kvalheim 

Nyheter

Roger Aa Djupvik er 37 år gammal og kjem frå stilling som idrettskonsulent i Oppland fylkeskommune. Der har han jobba med å bruke idrett som ledd i regional utvikling og gjennom idretten bygge relasjonar mellom næring og reiseliv.

– Roger Aa Djupvik har klare ambisjonar for å engasjere ungdom og la ungdom ta del i regional utvikling. Dette er heilt i Nordfjordrådet si ånd når det kjem til å styrke regionen som heilskap og jobbe i lag. Då er det heilt avgjerande at vi har dei unge med oss, seier ordførar i Gloppen Leidulf Gloppestad, som har leia prosessen med tilsettinga, i ei pressemelding

I tillegg til Leidulf Gloppestad har også ordførar i Vågsøy Kristin Maurstad, rådmann i Eid, Åslaug Krogsæter, rådmann i Stryn, Rune Hovde og personalsjef i Gloppen Rita Lilletvedt vore med i gruppa som har tilsett Roger Aa Djupvik som dagleg leiar.

Gjennom sine erfaringar frå toppidretten både som utøvar og som tilsett i Norges idrettsforbund, vil Roger Aa Djupvik vera ei drivande kraft i å vidareutvikle samhandling i regionen og arbeide mot felles mål.

– Med Roger Aa Djupvik som dagleg leiar, i full stilling, vil Nordfjordrådet ha ei utviklingskraft vi tidlegare ikkje har hatt, seier ordførar i Vågsøy og leiar i Nordfjordrådet, Kristin Maurstad.

Roger Aa Djupvik tek til i stillinga 1. mai 2018.