Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende 12. januar.

Imponerande at privat blar opp pengar for betre veg

Folk i ytre Bremanger er mektig lei av problema det skapar med den smale og kronglete fylkesvegen mellom Kalvåg og Oldeide. No har både næringslivet og privatpersonar i ytre deler av kommunen teke skikkeleg tak for å samle inn pengar til spleiselaget for å utbetre denne problemvegen. Den lokale aksjonsgruppa har stått på og har samla inn over 1,7 millionar kroner. Men dei gir seg ikkje der. Målet er 2 millionar kroner.

Det handlar om dårleg vegstandard på den svært så trafikkerte fylkesvegen mellom Oldeide og Kalvåg. Den store aktiviteten i fiskeindustrien i Kalvåg har ført til auka trafikk. Dette er ei næring som er ein viktig livsnerve i ytre Bremanger. Stadig skjer det at store vogntog køyrer seg faste eller får problem, spesielt på vinterstid. Då blir vegen stengd og all trafikk blir lamma. Det er dette aksjonen for betre veg i ytre Bremanger vil gjere noko med. For nokre år sidan vart det avtala eit spleiselag der fylkeskommunen, Bremanger kommune og private bidragsytarar alle skulle stå for to millionar kvar, altså seks millionar kroner. Målet er å utbetre nokre av dei verste flaskehalsane på strekninga.

Fylkeskommunen og kommunen sine millionar står allereie på bok. Den private innsamlingsaksjonen har det gått saktare med. Men før jul tok nokre lokale eldsjeler tak. Dei har gjort ein imponerande innsats på kort tid, og no er dei nesten i mål. I den store samanhengen er seks millionar kroner ikkje så mykje pengar, og det er ikkje målet å få gul stripe på strekninga i første omgang. Men innsamlinga er eit viktig signal om lokal entusiasme og vilje til å gjere vegen tryggare og betre framkommeleg. Vi håpar dei får på plass dei siste kronene som skal til for å utløyse det viktige spleiselaget som kan få utbetra nokre av flaskehalsane. Lukke til.