Selje kommune er fullt klar over at brannstasjonen på Stadlandet ikkje er i samsvar med moderne krav, forklarer Osdal.

– Den skissa vi arbeider etter no, er at vi vil leige lokale til ny brannstasjon på Stadlandet, og byggje nytt i Selje. I Selje tenkjer vi å samlokalisere med miljøstasjon og driftslager for tekniske tenester. Motivasjonen er pålegg vi har fått for å utbetre fasilitetane. Vi vil tilfredsstille krava, seier han, og viser til reine og skitne soner.

– Brannstasjonen på Stadlandet er ikkje eigna. Det er krav om meir moderne lokale. Planen er å leige lokale der vi skal ha plass til både ny og gamal brannbil, seier han, utan å ville røpe kva lokalitet dei vurderer.

Osdal seier ramma på 5 millionar kroner i 2018 og 10 millionar i 2019 tek høgde for ny brannstasjon både i Selje og på Stadlandet.

Han stadfestar at kommunen har fått 800.000 kroner frå Statens vegvesen for kjøp av ny brannbil i samband med bygginga av tunnelen til Honningsvåg. Resten av summen må kommunen betale.

– Det er snakk om ein pris kring 1,6 millionar kroner.